Ved stortingsvalet i 2001 kunne Høgre, FrP og SV juble over framgang, men KrF var blitt det største partiet i Møre og Romsdal.
Høgre og SV i Møre og Romsdal vann kvart sitt mandat ved Stortingsvalet 2001, Ap tapte eitt av sine tre og V sitt eine.
At KrF no var blitt det største partiet i MRF, kom av at Ap hadde gått sterkt tilbake - også KrF hadde ein ikkje uvesentleg tilbakegang på 3,2 prosentpoeng sidan valet i 1997.
Eit oversyn over røystefordelinga finn du her:
Stortingsvalet 2001
Mørebenken 2001-2004
Arbeidarpartiet:
Asmund Kristoffersen
Karita Bekkemellem Orheim
Kristeleg Folkeparti:
Kjell Magne Bondevik (Modulf Aukan har vore fast varamann medan Bondevik har vore statsminister)
May Helen Molvær Grimstad
Høgre:
Petter Løvik
Elisabeth Nørve
Framstegspartiet:
Lodve Solholm
Harald Tom Nesvik
Sosialistisk Venstreparti:
Bjørn Jacobsen
Senterpartiet:
Eli Sollied Øveraas