skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Val 2005 M&R 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Val 2005 Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:01
 

Venstretopp ut av valkampen

Statssekretær og Møre og Romsdal Venstre sin førstekandidat til valet, Leif Helge Kongshaug, må melde forfall til det som står att av valkampen. Årsaka er at han har fått kreft.

Publisert 26.08.2005 07:41. Oppdatert 26.08.2005 10:07.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Foto: Torbjørn Tandberg
Kongshaug seier han vil kjempe mot sjukdomen og for ein plass på Stortinget.

Heilt nytt

Det var sist fredag Kongshaug gjekk til lege og fekk diagnosen. Han kjente seg pigg og kjenner seg framelis frisk. No må han få blodoverføring. Det er gode mogligheiter for at han vert heilt frisk.

8 år i Oslo

Leif Helge Kongshaug har dei siste fire åra vore statssekretær i Landbruks- og Matdepartementet. Han mangla 147 røyster på å blir valt inn til Stortinget i september 2001, men fekk altså halde fram i Oslo med ein politisk jobb sjølv om han ikkje blei attvald. No håper han på ny plass sjølv om han ikkje får drive den valkampen han hadde rekna med i innspurten. Eg trur mange i Møre og Romsdal kjenner meg og kva eg står for,så eg har god tru på at Venstre skal få eit mandat, seier Kongshaug,som i dag får behandling på St.Olavs Hospital i Trondheim.

God form

Eg er i god form og kjenner med ikkje sjuk, fortel Kongshaug. I går gjekk han fire halvtimars turar og det er få som då klarer å halde fylgje med den tidlegare idrettsmannen. Og hadde eg vært heime på garden på Averøya, hadde eg nok vore i kjeldress no, legg han til.

Tomme stolar

Sjølv om Venstre har mange gode kandidatar på plassane bak Kongshaug erkjenner han at det kan bli ståande ein tom stol på enkelte stader der han etter planen skulle ha deltatt i valkampen dei neste to vekene. No kjem i staden heile ventre-leiinga til å besøke Møre og Romsdal siste veka i valkampen for å hjelpe Kongshaug til plass i Stortinget.

Du kan sjå intervju med Kongshaug i TV-sendinga vår i dag fredag klokka 1840

Siste saker:
Flere saker: ALT OM NORDMØRE

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Her er den nye Mørebenken

Den nye Mørebenken (Montasje, NRK)
Desse ni er valt inn i Stortingsvalet 2005, og skal representere Møre og Romsdal dei neste fire åra.

– Lettare for Sp med svakare SV

Fylkesleiar i Senterpartiet, Kåre Hanken, meiner det blir lettare for partiet å gå inn i den nye regjeringa etter at SV gjekk kraftig tilbake.

– Bondevik gjorde moldenserne litt stoltere

Med statsminister Kjell Magne Bondeviks exit forsvinner Moldes store sønn ut av den politiske arena. Byen blir en viktig ambassadør fattigere.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Listetoppane på radio

Måndag og torsdag i vekene før valet var toppkandidatar frå vallistene gjestar i NRK Møre og Romsdal sine ettermiddagssendingar.

Nettmøte med listetoppane

NRK Møre og Romsdal har arrangert nettmøte med sju av topp-kandidatane på listene til Stortingsvalet her i fylket.Her finn du kva dei har svart på spørsmål frå veljarane.

Stortingsvalet 2005: dette bør du vite

Det blir færre frå Møre og Romsdal på Stortinget enn før. Les om følgjene av den nye valordninga:

Stortingsvalet 2001 og Mørebenken 2001-2005

I 2001 jubla Høgre, FrP og SV over framgang, men KrF var blitt det største partiet i Møre og Romsdal.

NRK.no/nyheter gir deg oversikten over hva partiene mener om de viktigste politiske sakene.

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no