skillegodt for ganen toppromoskillespråkspalten toppromoskilleSport topp promoskille_slutt
Toppbanner  Hordaland programmer 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Hordaland > Programmer NRK Hordaland Sist oppdatert 11:45
NRK Hordaland Postboks 7777, 5020 BERGEN
Tel: 55275200
Fax: 55275299
Distriktsredaktør:
Nettredaktør:
Lokalkontor:
Hardanger:
55 27 59 92
Stord:
55 27 59 91

 

NRK Hordaland 80 år

Øyvor Bakke og Bård Ose er klare til å feira 80-årsjubileum. Foto: Anders Nøkling/NRK
Øyvor Bakke og Bård Ose er klare til å feira 80-årsjubileum. Foto: Anders Nøkling/NRK
NRK Hordaland feirar 80-årsjubileum med storstilt direktesending frå Logehaven i Bergen tysdag 13. desember kl.11:00-14:00. Det blir eit stjernespekka show!

Publisert 08.12.2005 15:10. Oppdatert 14.12.2005 12:45.
SE OGSÅ:
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Linn Mevold Skogheim og Eli Bjelland

Sjå bilete frå direktesendt 80-årsfest

Quiz: Kva veit du om historia til NRK Hordaland

Herborg Kråkevik blir med på 80-årsfeiring.
Herborg Kråkevik, Sgt. Petter, Herman Friele og The Owens er nokre av dei som blir med på feiringa.

12. desember 1925 låg grammofonplata klar, men ikkje ein lyd nådde ut...

Først neste kveld fekk pionerane i Bergen Radioamatørklubb «Just a little drink» ut i eteren.

Slik starta første sending frå Bergen Kringkastingsselskap 13. desember. Og slik starta NRK Hordaland si historie.

Bård og Øyvor direkte

Me feirar våre 80 år med direktesendt radiosending frå Logehaven tysdag 13. desember kl. 11:00-14:00.

Programleiarar er Bård Ose og Øyvor Bakke. Begge to godt kjende stemmer og fjes for NRK sine lytterar og sjåarar.

Bård Ose (45 år, frå Bergen) er kjend musikkekspert og programleiar i føremiddagssendingane til NRK Hordaland og musikkprogrammet P.I.L.S på NRK P1.

Øyvor Bakke (30 år, frå Jondal) er dagleg å sjå som programleiar i anten Vestlandsrevyen eller Norge i Dag på NRK1.

Ordførar i Bergen, Herman Friele blir med på sending.

Kråkevik, Friele og Lucia

Kjende artistar frå Hordaland som Heidi Marie Vestrheim, Herborg Kråkevik og Christine Hope, Fliflet/Hamre og Sgt. Petter er musikalske gjester.

Storm Weather Shanty Choir, Doddo og The Owens kjem også. Ordførar Herman Friele og forfattar Gunnar Staalesen er andre kjende fjes som blir med.

Populærorkesteret Finn Erix, kjend frå NRKs Radio Røynda, er husorkester undervegs.

NRK Hordaland sine reporterar i Odda og på Stord rapporterer frå Hardanger og Sunnhordland, Kjell Jensen kjem med historiske tilbakeblikk, og me får høyra kva mannen i gata tykkjer om 80-åringen.

Sidan 13. desember er Luciadagen, får me også besøk av Luciaborn frå Kalmargaten Barnehage.

Monika Blikås, kjend som programleiar i Ut i naturen, kan du treffa i opplevingsteltet. (Foto: NRK/Thomas Hellum)

Opplev framtidas NRK

Samtidig med sendinga i Logehaven kan folk vitja opplevingsteltet vårt ved Den Blå Steinen.

Her kan publikum blant anna studera NRK sin framtidsbil og sjå framtidas tv, læra korleis eit NRK-team jobbar, samt treffa kjende tv-programleiarar som Dag Lindebjerg, Monika Blikås og Kjell Fuglehaug.

Teltet blir opent for publikum frå kl. 11:00.

NRK Hordaland håpar mange finn vegen til Logehaven og Ole Bulls Plass tysdag 13. desember!

Og at mange har på radioapparata på NRK P1 i Hordaland i tida frå kl. 11:00-14:00. Sendinga blir også filma og vist på storskjermar både i NRK-teltet og i Logehaven.

Du kan også sjå og høyre sendinga på www.nrk.no/hordaland - i Nett-tv og Nettradioen.

LENKER
Siste saker:

NYHETSBREV
Få nyhetene fra NRK Hordaland på e-post - helt gratis!:

LYD OG VIDEO
Lyd og Video Se og hør opptak av nyhetssendingene fra NRK Hordaland!
Mer
 
 
 
10 SISTE NRK HORDALAND
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no