USA sender rundt 1000 ekspertar til Irak for å leite etter forbodne våpen. Samstundes seier Hans Blix at FN sine våpeninspektørar kan vere i Irak i løpet av to veker.
Av
Bent J. Tandstad
- Vi er klare til å reise når Tryggingsrådet gir oss klarsignal, seier leiaren for våpeninspektørane, svenske Hans Blix. Det verkar likevel ikkje som om USA er særleg interessert i at FN-inspektørane reiser tilbake til Irak.
|
Sjefen for FNs våpeninspektørar, Hans Blix, seier inspektørane kan vere på plass i Irak i løpet av to veker. |
Ekspertar
Det at USA no sender sine eigne ekspertar for å leite etter forbodne våpen i Irak er eit teikn på at dette er noko dei vil ha hand om sjølve, i alle høve inntil vidare.
Det store fleirtalet i Tryggingsrådet ser gjerne at våpeninspektørane, som vart trekte ut av Irak før den amerikanske invasjonen i mars, får fullføre jobben sin no som Saddam Hussein er fjerna.
Våpeninspektørane må stadfeste at det ikkje er masseøydeleggingsvåpen i Irak dersom sanksjonane mot landet skal fjernast. USA har bede om at sanksjonane blir fjerna straks, men både Frankrike og Russland har gjort det klart at dette er ei avgjerd Tryggingsrådet må ta, og ikkje USA åleine.
Hans Blix seier i eit intervju med BBC at han trur USA vil trenge FN sine våpeninspektørar for å gi eventuelle funn av forbodne våpen truverd. Påstanden om at regimet til Saddam Hussein hadde ulovlege våpen stod sentralt i argumentasjonen for å få til krig.
Verifisering
- Hittil har dei ikkje funne masseøydeleggingsvåpen. Eg trur at dei på eitt eller anna tidspunkt ynskjer ein internasjonal, uavhengig verifisering av det dei finn, seier Blix i intervjuet. Blix seier også at det no er lettare å tru at Irak fortalde sanninga då landet sa dei ikkje hadde ulovlege våpen, enn det var før krigen starta.
USAs forsvarsminister Donald Rumsfeld sa skjærtorsdag at USA ikkje kjem til å finne ulovlege våpen i Irak utan at dei får hjelp frå nokon som veit kvar dei er vekkgøymde våpna er.