skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

USA inntek Bagdad sentrum

Amerikanske styrkar har teke kontrollen over dei sentrale delane av Bagdad i ettermiddag. Nyleg kom fleire stridsvogner fram til hotellet der dei utanlandske journalistane bur.

Publisert 09.04.2003 14:54. Oppdatert 09.04.2003 16:56.
Av Bent J. Tandstad

Frilansjournalist Åsne Seierstad fortel at rundt 20-30 stridsvogner og amfibiekøyrety har teke seg inn i området ved hotellet. - Det kryr av amerikanske soldatar i og utanfor hotellet, seier ho. Dei amerikanske soldatane skal ikkje ha møtt nemneverdig motstand.



Kontroll

Ho kan opplyse at dei amerikanske styrkane no kontrollerer heile Bagdad, bortsett frå tre bydelar. Dei møter ikkje lenger motstand, og rykter vil ha det til at heile det politiske toppskiktet har flykta til Tikrit, heimbyen til Saddam Hussein.

Det er venta at dei amerikanske styrkane vil gå til angrep på Tikrit seinare denne veka.

- Det er som om irakiske stridsvogner skulle køyre opp Fifth Avenue i New York eller Picadilly Cirkus i London, seier Reuters-korrespondenten Khaled Yacoub Oweis inne frå hotellet. - Bagdad har definitivt falle, seier han.




Utan motstand

Amerikanske marinesoldatar inntok i går kveld det meste av dei austlege delane av Bagdad, utan å møte særleg motstand.

Det blir også meldt at dei amerikanske styrkane har teke kontroll over hovudkvarteret til Saddam Husseins hemmelege politi. Dette skjedde etter at rundt 400 irakiske sivilistar hadde gått inn i hovudkvarteret og byrja tøme det for verdigjenstandar.

Mot slutten

- Eg trur vi har nådd eit vendepunkt der innbyggjarane i Bagdad innser at dette regimet går mot slutten, sa brigader Vincent Brooks til journalistar på den amerikanske sentralkommandoen sitt hovudkvarter i Qatar i dag. Han minte likevel om at dei amerikanske og britiske soldatane berre kontrollerer delar av Irak.

Brooks sa også at meir enn 7000 irakarar blir haldne som krigsfangar. Alle blir haldne i leiarar drivne av britane, opplyser talskvinne for dei britiske styrkane, Emma Thomas.



Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no