Luftangrepa mot Bagdad har halde fram i heile dag. Det er høyrt fleire kraftige eksplosjonar i byen, og eitt av presidentpalassa skal vere treft. Seks sivile skal vere drepne.
Av
Tor Helge Haugland
Kjelder ved sjukehusa i Bagdad seier til nyheitsbyrået AFP at seks sivile er drepne og fleire titals er skadde i bombeangrepa i dag.
I ettermidag har det vore fleire kraftige eksplosjonar både i Bagdad og sør for hovudstaden. Samstundes blei det høyrt intens artilleri-skyting i dei sørlege utkantane av den irakiske hovudstaden. Ein Reuters-reporter seier at artilleriaktiviteten i området var uvanleg høg.
Bombefly strauk lågt over byen og vart møtt med kraftig luftvernskyts.
På morgonkvisten rysta to kraftige eksplosjonar sentrum av byen, opplyser augevitne. I tillegg melder journalistar om store eksplosjonar i eller like ved informasjonsministeriet i Bagdad.
Kraftig
Angrepa skal vere av dei kraftigaste som har vore i løpet av dei tolv dagane krigen har vara.
Ein korrespondent frå telegrambyrået AFP melder at palasskomplekset blei råka like etter midnatt. Det er også råka fleire gonger tidlegare.
Tidlegare på kvelden blei det høytrt minst åtte kraftige eksplosjonar i byen. Det er uklart kvar desse bombene slo ned, og det er heller ikkje kjent om nokon blei drepne eller skadde i angrepa.
Informasjonsdepartementet
Også det irakiske informasjonsdepartementet var mål for nye USA-leia rakettangrep i natt. Det amerikanske operasjonssenteret i Qatar stadfestar at departementet var mål for eitt av rakettangrepa.
Bygningen blei også råka av ein rakett laurdag. Ein korrespondent frå telegrambyrået Reuters melder at angrepa i natt har ført til ytterlegare skadar på bygningen, men at han framleis står.
Eit hovudmåla for bombeflya er stillingane til republikanargarden utanfor byen. Framleis skal desse elitestyrkane ha seks divisjonar i utkanten av Bagdad, men dei gjer ingen forsøk på å angripe dei amerikanske styrkane.
Nær 20.000 flytokt
Pentagon opplyser at talet på flytokt mot mål i Irak no nærmar seg 20.000, og så langt har ingen amerikanske fly gått tapt.
Raudekross-mannskap opplyser at det kjem gjennomsnittleg 100 skadde irakarar til sjukehusa i Bagdad kvart døgn.