skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
Ein irakisk mann utanfor huset sitt som blei øydelagt i luftangrepet mot eit kommunikasjonssenter i Bagdad i dag tidleg. (Foto: Goran Tomasevic/Reuters)
Ein irakisk mann utanfor huset sitt som blei øydelagt i luftangrepet mot eit kommunikasjonssenter i Bagdad i dag tidleg. (Foto: Goran Tomasevic/Reuters)

Nye bølgjer av angrep

Nye bølgjer av luftangrep ramma den irakiske hovudstaden Bagdad i dag. Journalistar opplyser at det hovudsakleg er mål i utkanten av byen som er råka.

Publisert 30.03.2003 08:40. Oppdatert 30.03.2003 14:44.
Av Tor Helge Haugland

Tre eksplosjonar kunne høyrast i dei sørlege delane av byen, og to andre eksplosjonar kunne høyrast nærare sentrum.

- Den siste eksplosjonen var kraftig. Hotellet rista, fortel Reuters-korrespondent Hassan Hafidh.

I dag tidleg blei det høyrt til saman ti kraftige eksplosjonar sør for Bagdad.

Og også i natt slapp amerikanske og britiske fly bomber over den irakiske hovudstaden. Det var då fleire kraftige eksplosjonar i sentrum av byen.

Journalistar i byen fortel at dei sørlege og austlege delane av Bagdad er dekt av svart røyk frå brennande grøfter fylte av olje.

Kommandosentralar

Røyk stig opp over Bagdad etter angrepa i natt. (Foto: Faleh Kheiber/Reuters)
Amerikanske militære kjelder opplyser at eit av presidentpalassa til Saddam Hussein, kommandosentralar og ein av bygningane til etterretningstenesta har vort mellom måla som har vore bomba sidan i går kveld.

I tillegg skal bomber vere sleppte mot eit treningsanlegg for paramilitære styrkar aust i Bagdad, går det fram av opplysningane frå dei amerikanske kjeldene.

Dei irakiske styresmaktene opplyser at nær 600 sivile irakarar er drepne i krigen, men dette er ikkje stadfesta av andre kjelder.

Også i byen Mosul i Nord-Irak var det luftangrep i natt.

Bensinlager bomba

Britiske kampflygarar har øydelagt eit stort bensinlager ved byen Karbala sørvest for Bagdad, hevdar skvadronsjefen.

Bensinen blei brukt av Republikanargarden til Saddam Hussein, opplyste han.

Telegrambyrået AFP skriv at oberstløytnant Andy Suddards sa at han og andre flygarar i skvadronen gjekk til angrep mot bensinlageret med kampfly av typen Harrier, som kan starte og lande loddrett.

Dei er derfor ikkje avhengige av rullebanar, og kan operere frå provisoriske og svært enkle basar.

- Eg fyrte av ein enkelt rakett mot hjartet av drivstofflageret som ligg vest-nordvest for Karbala, og som blir brukt av Republikanargarden.

Resten av formasjonen følgde etter og sleppte fire laserstyrte bomber og nokre fritt fall-bomber, fortalte Suddards.

Tap

Er bensinlageret øydelagt kan det innebere at dei irakiske elitestyrkane er påførde eit merkbart tap.

Stridsvognene og dei andre køyretøya til Republikanargarden er til inga nytte, dersom garden ikkje har tilgang til bensin.

Ei av oppgåvene til garden er å forsvare Karbala, som ligg 80 kilometer sørvest for Bagdad.

Talsmenn for det britiske flyvåpenet, RAF, hevdar at dei tidlegare har øydelagt delar av det tunge artilleriet til Republikanargarden.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no