skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Ei usexy sak

Dramatisk avskoging i Amazonas. Bilde til venstre ble tatt i august 1995, bilde til høyre knapt to år seinere. Foto:Scanpix/AFP.
Dramatisk avskoging i Amazonas. Bilde til venstre ble tatt i august 1995, bilde til høyre knapt to år seinere. Foto:Scanpix/AFP.
Kloden vår er i ferd med å endre ansikt like drastisk som i Ekstrem forvandling.
Men å snakke om miljø og globalt ansvar er ei usexy sak i valkampen. - Dei samfunnsengasjerte vil heller sitte og vente på dødsattesten.

Publisert 20.08.2005 18:04.

Av Sigrun Slapgard - P2-kommentaren

Eg kom over eit gammalt bilde her om dagen – eit bilde som eg hadde tatt for over tjue år sidan. – Det var eit slikt elendig bilde som knapt viste skogen for berre tre.

Men så var det jo knipsa midt i tjukkaste Amazonas – og på den tida var det jo ennå heldigvis mest tre i regnskogen. Det eg var opptatt av – og var sendt ut for å rapportere om – var likevel den begynnande avskoginga.

Med lokale guider fann eg fram til dei avsvidde felta – etter snikhogsten vart det sett fyr på resten – og eit par kortsiktige avlingar kunne ein deretter få ut av oske og sand.

Nye og gamle bilder

Grunnen til at eg nå fann fram mine eigne gamle bilder var eit oppslag med nye bilder av akkurat det samme området i søndagsmagasinet til den spanske avisa El País. Snakk om fargeskifte!

Der det før var grønt og grønt – og irrgrønt! - med få gråe flekkar innimellom – er det nå grått i grått med litt grønt innimellom.

Flybilda er verst, for der ser du omfanget. Det slo meg at Amazonas har fått eit nytt ansikt, På rekordtid ser regnskogen ut som eit offer for Ekstrem forvandling! Eg fekk nesten pusteproblem berre av å sjå på bilda…

El País hadde ikkje nøya seg med Amazonas og ansiktsforandringa der – nye og gamle fly-og satelittbilder viser koss kloden vår er i ferd med å skifte utsjånad i hurtigtogsfart.

Aralsjøen - lite igjen av fordums prakt. Foto: Scanpix/AFP.

Aralsjøen

Aralsjøen i aust fotografert i 1973 - den gongen den var fire gonger så stor som det triste ørkenaktige bildet av den inntørka sjøen i 2005.

Vatnet vart prioritert til bomullsdyrking, det minkande vassnivået førte til høgare saltinnhald – snart var fisken borte: Livet har blitt som eit konstant uår for folket som budde rundt sjøen.

Tchad-sjøen

Eit bilde frå Tchad-sjøen i Afrika viser ein enorm blå innsjø i 1963 – på 2000-talet er det berre ein muggen grøn liten flik igjen av heile den gamle innsjøen – mindre enn 2 prosent av den ein gong så enorme sjøoverflata. Ei dårleg blanding av tørke og menneskeskapt tapping av tilførselselva Chari er grunnen.

Mexico by

Bildet av Mexico by er ikkje fullt så overraskande – her har eg alltid følt at menneskekappløpet til storbyen gjekk på tvers av alle tålegrenser.

Mine venner i Mexico har lenge lært seg fantasifulle knep for å halde fram med galskapen – for eksempel nå når bilar med visse nummer får trafikkere tre dagar i veka og dei andre numra resten av dagane, har dei skaffa seg to bilar med ulike nummerkombinasjonar.

Så kan dei kjøre for fullt ALLE dagar. - Utslag av ein logikk som kan minne om vår eigen CO2-kvotehandel.

Slik kan alt akselerere. – Snart vil folketalet i Mexico by passere 20 millionar, 30 prosent lever i utkanten utan særleg infrastruktur. – Frå lufta ser utviklinga nokså vill ut – som om fjella rundt byen snart vil revne av trykket.
Mexico by sliter med alvorlige bolig- og miljøproblemer. Foto: Scanpix/AP.


Fint for oss?

Eit flybilde frå vårt nære og kjære Spania gir også litt å tenke på: Grøne marker er avløyst av eitt plastikkhav! Ja – har vi ikkje eigentleg lagt merke til det der ved kysten – kor mye av dei sunne grønsakene som blir dyrka under kvite plasttak!

Men det intensive jordbruket har sin pris. Raskare enn før blir jorda utarma. Og ennå har eg ikkje sagt eit vondt ord om golfbanar.

I Spania er det i år den verste tørken på seksti år – somme snakkar om at ørkenen Sahara har krabba over Middelhavet og trugar Europa, ikkje i form av sanddyner – men som store områder med fullstendig død jord.

På kort sikt kan dette kanskje vere skikkelig godt nytt for norsk jordbruk – dette at det går til helvete for andre nedover i Europa. - Heldig for oss det, slik at vårt halslause forbruk kan halde fram. Kva gjer det vel oss om resten av verda tørkar inn, blir overbefolka, mister drikkevatn og grøde?

La humla suse

Bedre da å benke seg til reality-TV mens vi ventar på dødsattesten…Globalt miljø er jo inga sexy sak – i hvert fall ikkje når det er valkamp. For kven trur vel på rapportar om klimaendring som kan ramme oss her på første klasse?

- Så langt har eg sagt ingenting om forskningsrapportar eller teoriar om klimaskifte. Sant å seie blir eg ofte forvirra av forskarar, kanskje særleg dei som steller med miljø og klima – eg syns derimot bilda seier sitt: Dei dokumenterer faktiske og drastiske endringar. Det held for meg.

Føler meg uvel

Når eg nå ser Amazonas igjen på eit satelittfoto er det nesten så eg ser dødsattesten frå oven. – Og plutseleg er det som eg kjenner med nokså uvel, - ved andregongs studering veit eg akkurat kva dei grå og brune områda som har fortrengt det friske grønne minnar meg om: Eit røntgenbilde av eit håplaust tilfelle med lungekreft. – Og den type strålebehandling som vi er i ferd med å utsette oss alle for, vil neppe hjelpe.
- Er det rart eg får pustevanskar?



Siste saker:
Flere saker: ALT OM P2-KOMMENTAREN

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no