OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
Her er du: NRK > Nyheter > Innenriks > Kongehuset > Kronprinsbryllupet > Monarkiet | Oppdatert 28.01.2002 15:34 |
|
Kongeleg litteratur i skotet Publisert 12.07.2001 17:32 Bøker om kongefamilien strøymer ut frå forlaga. I år kjem det minst sju nye bøker.Dei fleste nye bøkene kjem i samband med bryllaupet 25. august, og ikkje overraskande handlar dei fleste av dei om kongebarna. Märtha og kjærleikenI 1989 hadde Märtha eit forhold til vestkantguten Thomas Salvesen. NRK-kjendis Anne-Kat. Hærland skal gje ut ei historie om dette forholdet i artikkelsamlinga «80-tallet» som kjem på Kagge forlag i september.Anne-Kat. har ikkje skrive ei skandalehistorie om prinsessa. - Teksten min teiknar eit godt og sympatisk bilete av Märtha. Eg står inne for det som er skrive. Prinsessa er ei flott jente, sa Hærland til Dagbladet.no i går.
– I samband med lanseringa av nettbokhandelen vår, hadde vi eit eventyrleg sal av «Trist som faen», seier Håkon Havik i nettbokhandelen MAO.no. Den fyrste månaden sto Behn åleine for eit par prosent av salet, noko ein må rekne som svært gode tal, fortel han vidare.
Til no har om lag hundre lesarar sendt inn eigne omtaler av Ari Behns «Trist som faen» til MAO.no. «Mette Marit blir prinsesse»I samband med bryllaupet, slipp Kagge Forlag boka «Mette Marit blir prinsesse». Boka er ein parodi på ein ungpikeroman, og handlar om ungjenta Mette Marit. Ho blir gift med ein prins, men ikkje med Haakon.- Jo da, det blir bryllaup mellom Mette Marit og ein kronprins, men ikkje Haakon. Ho giftar seg med ein prins frå eit lite fjelland sør i Europa, seier redaktør Kristin Johansen i Kagge Forlag til Dagbladet.no.
– Eg har høyrt at Mette-Marit skal ha blitt kalla opp etter heltinna i desse bøkene, og det er jo artig, sa redaktør Marianne Koch Knudsen til NRK.no tidlegare i år. Impulsar frå SonjaDronninga gjev òg eit tilskot til den kongelege bokhausten. I samband med utstillinga av den private kunstsamlinga til Sonja, gjev Forlaget Press ut boka «Impulser». Utstillinga blir vist på Henie Onstad Kunstsenter, og vil bli vitja av gjestane i kronprinsbryllaupet.
Mange andre bøker om kongefamilien
– Det ser ut til at det er dei omdiskuterte forfattarane som sel verkeleg godt, seier Håkon Havik i nettbokhandelen MAO.no. – Nettbokhandlane har nok eit litt anna publikum enn dei vanlege bokhandlarane. Vi sel ikkje så mange praktbøker i «gamal dame»-klassen, held han fram. Dei siste 20 åra er det gjeve ut svært mange bøker om det norske kongehuset. Kronprinsen åleine er vigd fem bøker, og det finst 50-60 bøker om monarkiet, kongefamilien og Slottet. Av Erik Bolstad
|
27.08.2001 07:22 Slottet fornøyd 25.08.2001 20:46 Fotografering på Slottet 25.08.2001 20:37 Problemfritt bryllupsarrangement 25.08.2001 20:21 Offisiell fotografering 25.08.2001 19:02 Kronprinsparet viet 25.08.2001 18:53 Jubel for Norges kronprinspar 25.08.2001 17:56 Kronprinsparet viet 24.08.2001 12:28 – Forstår dem som er skeptiske 23.08.2001 09:51 Skryter av lille Marius 22.08.2001 14:27 Korleis hilse ei prinsesse? |
Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 03.01.2009 06:08 |