OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
Her er du: NRK > Nyheter > Innenriks > Kongehuset > Kronprinsbryllupet > Monarkiet | Oppdatert 28.01.2002 15:34 |
|
Korleis hilse ei prinsesse? Publisert 22.08.2001 14:27 Giftarmålet den 25. august krev at journaliststanden skjerpar seg, no som så mange fleire skal dekkje kongestoff. Ikkje til altersDagsavisen har allereie skrive at kronprins Haakon skal gå til alters med frøken Tjessem Høiby. Å gå til alters tyder å motta nattverd. Det skal dei to ikkje, iallfall ikkje den dagen. Dei skal gå til alteret.Det er heller ikkje slik at utanlandske regentar vil fyke rundt i Oslo. Dagsrevyens hoffreporterar fortel til dømes, når kongar møtest, at “dei to regentane hadde mykje å snakke om”. Neppe regentarRegenten er per definisjon ikkje til stades på slike møte. Nynorskordboka fortel at ein regent er ein riksstyrar. Ordet blir ofte brukt om ein tronarving eller fyrste “som mellombels styrer for konge”, jamfør kronprinsregent.LynkursNRKs språkvitar Jon Peders Vestads summerer opp slik:Vi har to majestetar i Noreg, kongen og dronninga. Kronprinsen og systra hans er ikkje majestetar, men “høgvørde kongelege” på nynorsk. På bokmål er dei “kongelige høyheter”. FrøkenKronprinsen og Mette-Marit Tjessem Høiby vil formelt ikkje kunne omtalast som “kronprinsparet” før bryllaupet. Til då kan vi omtale dei som “det framtidige kronprinsparet”, “kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby” eller “kronprins Haakon og hans forlova/trulova”.På Slottet har Vestad fått vite at frøken Tjessem Høiby skal omtalast slik (frøken + etternamn) eller med fullt namn, aldri med berre fornamnet. Tiltaleformene:Til kongen seier vi Dykkar Majestet; til kongeparet kan vi seie Dykkar Majestetar.På bokmål: Deres Majestet, Deres Majesteter. Kongen kan tiltalast som Herre Konge, dronninga høge Dronning på nynorsk. Omtaleformene:1. Hans Majestet Kongen, Hans Majestet Kong Harald.2. kong Harald og dronning Sonja, kongen og dronninga. 3. Hennar Majestet Dronninga; Hennar Majestet Dronning Sonja.. På bokmål: Hennes Majestet Dronningen; Hennes Majestet Dronning Sonja. 4. Dei høgvørde kongelege. På bokmål: De Kongelige Høyheter. 5. prinsessene, prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen; prinsesse Astrid, fru Ferner (legg merke til kommaet mellom fornamn og etternamn). ProtokollSlottet og Språkrådet er usamde om store forbokstavar.Slottet seier at det protokollært, altså i alle offisielle samanhengar, alltid skal brukast store. Det inkluderer eit kvart statsbesøk, alle rundreiser kongeparet gjer og truleg all annan omtale. Pressa følgjer normalt ikkje denne normen. Men hugs at Kongen i statsråd og som institusjon skal skrivast med stor k. Det majestetiske “vi” ("Vi, kong Harald") har også stor forbokstav. (Kilde: Journalistens språkspalte)
|
27.08.2001 07:22 Slottet fornøyd 25.08.2001 20:46 Fotografering på Slottet 25.08.2001 20:37 Problemfritt bryllupsarrangement 25.08.2001 20:21 Offisiell fotografering 25.08.2001 19:02 Kronprinsparet viet 25.08.2001 18:53 Jubel for Norges kronprinspar 25.08.2001 17:56 Kronprinsparet viet 24.08.2001 12:28 – Forstår dem som er skeptiske 23.08.2001 09:51 Skryter av lille Marius 22.08.2001 14:27 Korleis hilse ei prinsesse? |
Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 03.01.2009 10:54 |