OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Bryllupsnytt

Her er du: NRK > Nyheter > Innenriks > Kongehuset > Kronprinsbryllupet > Bryllupsnytt

Oppdatert 04.03.2002 13:30

Bryllupet
NYHETER

Brudeparet
Send inn din hilsen
Monogram 100
Nyhetsredaktør: Eivind Molde
Nyhetsavdelingen, tlf 23 04 21 20 nettnyheter@ nrk.no

 
 SEND DIN HILSEN KONKURRANSER DEBATT

Bryllaupsmedaljen er klar

Publisert 23.07.2001 09:47 - Oppdatert 23.07.2001 09:53

Den Kongelege Mynt gjev ut ein eigen minnemedalje i samband med bryllaupet.

Foto: Samlerhuset
Tradisjonen tro gjev Den Kongelege Mynt ut ein eigen minnemedalje i samband med bryllaupet. Tidlegare er mellom anna kong Harald og dronning Sonja heidra med sin eigen minnemedalje.

– Harald og Sonja vart òg heidra med ein medalje, fortel Trond Solvang i Samlerhuset til NRK.no. Medaljen kom i eit lite opplag på ti tusen myntar, og eg meiner at innkomene gjekk til Raudekrossen, held han fram.

Folkemedalje for kreft

Foto: Samlerhuset
Det blir prega ein eigen folkemedalje i bronse der innkomene går til kreftforsking.

– Det var kronprinsparet sjølv som ynskte at innkomene frå medaljen skulle gå til Kreftforeininga, fortel Trond Solvang. Han er marknadssjef i Samlerhuset, som skal distribuere medaljane.

Seksjonsleiar Ingunn Wiig i Kreftforeininga er glad for at kronprinsparet vel å støtte kreftforskinga.

– Innkomene av folkemedaljen går uavkorta til Kong Olav Vs Kreftforskingsfond. Fondet vart oppretta det året Kong døydde, og er ti år i år, seier ho til VG i dag.

Medaljar i alle valørar

Det blir laga medaljar i gull, sølv og bronse i tillegg til samlarsett og myntbrev. I myntbreva får du medaljane saman med fyrstedagsbrev stempla av Posten.

– Det er vanleg å lage eigne minnemyntar eller –medaljar i samband med store hendingar i Noreg, seier Trond Solvang i Samlerhuset. Vanlegvis blir myntane trykte opp i små opplag, men denne gongen får vi jo òg ein folkemynt som blir trykt i svært stort opplag, held han fram.

Det skal vere mogleg for dei fleste å kjøpe ein medalje. Den billegaste bronsevarianten vil koste under hundre kroner, medan dei eksklusive gullmedaljane nok vil gå for 4 000 – 5 000 kr.

– Prestisjesetta i gull blir trykte i 2001 eksemplar, fortel Solvang. Desse setta inneheld alle tre medaljane i beste kvalitet og er retta mot samlarmarknaden i Noreg og internasjonalt.

Mette-Marit var vanskeleg

Myntgravøren som prega myntane fekk ein vanskeleg jobb med ansiktet til Mette-Marit. Det finst nemleg svært få bilete av Mette-Marit i profil, og det ende med at myntgravør Øyvind Hansen måtte lage eit utkast teke frå eige hovud.

– I ettertid ser eg at denne gipsavstøypinga ikkje liknar i det heile, Seier han til VG.

Hansen – som er 68 år – er eigentleg pensjonert, men blir framleis henta inn for å lage dei spesielle og store myntane og medaljane.

Av Erik Bolstad



Bryllupsnytt
Forlot kongeskipet (27.08.2001)
Slottet fornøyd (27.08.2001)
Bryllupsnatt på kongeskipet (26.08.2001)
Kronprinsparet i brudevals  (25.08.2001)
Tipping om Mette-Marit (21.08.2001)
Hjelpekorps parat (21.08.2001)
Kronprinsparets gode hjelpere (20.08.2001)
Stille republikanere (20.08.2001)
Politiet får ikke råopptak (16.08.2001)
POT-overvåking fra NRK (16.08.2001)
Fryder seg over Mette-Marit effekten (16.08.2001)
Avbud fra Per Borten (15.08.2001)
Mette-Marit i kong Olavs Cadillac (15.08.2001)
Parker bilen, kjør kollektivt (14.08.2001)
Enormt presseoppbud (14.08.2001)
Kongevogna klar (14.08.2001)
Stor bløtkakefest for Mette-Marit (13.08.2001)
Sørlandseik skal pynte Slottet (10.08.2001)
Gifteringene er klare  (10.08.2001)
Marius blir brudesvenn (08.08.2001)
Historisk byvandring (07.08.2001)
Regjeringen stanset gave (01.08.2001)
På turné etter bryllupet  (31.07.2001)
Få bryllups-suvenirer (30.07.2001)
Servise i bryllupsgave (30.07.2001)
Mette-Marit-iskrem (30.07.2001)
Ikke bare penger (29.07.2001)
Hemmelig middags-program (25.07.2001)
Homofile vil på fest (25.07.2001)
Flyforbud over Oslo  (25.07.2001)
Mette-Marits far leste prost Birkeland teksten (23.07.2001)
Fikk munnkurv etter Mette-Marit-refs (19.07.2001)
Til åtak på Mette-Marit (19.07.2001)
Kremgult og lyseblått (19.07.2001)
Forlovelse mellom Märtha og Ari? (19.07.2001)
Flaggermusnatt blir utsatt (17.07.2001)
Populær domkyrkje (15.07.2001)
– Bedre når vi er lykkelige (13.07.2001)
Utlendingar er interesserte (13.07.2001)
Briskeby som brudevals? (12.07.2001)
Kongeleg litteratur i skotet (12.07.2001)
Byråkrati for brudevals? (12.07.2001)
Nyhetsarkiv (09.07.2001)
Fikk kristneteppe (01.07.2001)
Bunadskledd par (21.06.2001)


Konkurranse Gratulasjon Bakgrunn

Tegnekonkurranse

Kle deg ut

Vær med på hele Norges gratulasjon til Haakon og Mette-Marit. Send inn din hilsen i dag.

Oppdaterte nyheter

Brudeparet

Monarkiet


 
 
SØK

Kjøp bryllupsvideo/DVD
Feiring i utlandet
Diskuter kronprinsbryllupet
Spør Anne
10 SISTE BRYLLUPSNYTT
26.10.2004 13:39
Vil verne vassdrag
28.08.2001 23:33
Landet i Big Apple
28.08.2001 17:22
På vei til New York
27.08.2001 08:15
Forlot kongeskipet
25.08.2001 17:21
-Endelig er dagen kommet

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 07:03