skilleVæret i Finnmark enkelskilleSendingeneskillewww.euroarctic.comskille_slutt
Troms og Finnmark 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Troms og Finnmark > Finnmark Sist oppdatert 14:31
 

Nytt oljefunn i Barentshavet

Det italienske oljeselskapet ENI har gjort eit nytt oljefunn i Barentshavet. Funnet er gjort like ved Goliathfeltet, midt mellom Snøhvit og Fastlandet.

Publisert 25.11.2005 07:01. Oppdatert 25.11.2005 11:52.
Av Harald Bøe

FANN OLJE PÅ GOLIATH: Det er riggen "Eirik Raude" som leitar etter, og fann, nye oljemengder på Goliath.
Det er oljeavisa Upstream som skriv dette i dag, og dette nye funnet kan sikre ei utbygging av oljefeltet Goliath. Ingen av eigarane vil kommentere opplysningane i dag. Det er også på eit svært tidleg stadium i boringa. Enno er ikkje boreriggen Eirik Raude heilt i botnen av reservoaret.

Goliath-feltet vart funne i slutten av år 2000, men Sem-erklæringa til den forrige regjeringa hindra fleire boringar i området. No når det truleg er gjort eit nytt funn, kan dette sikre utbygginga av heile Goliath-feltet. Det er det italienske ENI som er operatør for det nye funnet, dei andre eigarane er Statoil og Det Norske Oljeselskap.

Goliath-feltet ligg snaue femti kilometer frå land, og miljørørsla har varsla kamp mot oljeutvinning i dette havområdet.

Bakgrunn: Oljeboring for dummies (15.12.2003)
Siste saker:

Toppsakene fra NRK Troms og Finnmark
 
SISTE SAKER
Flere saker
NYHETSBREV PÅ E-POST

Få de viktigste nyhetene fra Troms og/eller Finnmark tilsendt på e-post – helt gratis!
Nyhetsbrev fra Nordnytt!

 
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no