Innbyggjarar: 6 349
Tid for resultat: kl: 23.00
Leiar i valstyret: Roger B. Silden
Politisk karakteristikk
Fiskerikommune med sterk dominans av Venstre dei siste to periodane. Men trass i over 30% av stemmene, fekk ikkje Venstre ordførarvervet ved sist val, då alle andre partia gjekk saman om Roger B. Silden (Ap) som ordførar.
Politisk situasjon
Liv Henjum har gjort to store val som listetopp for Venstre. Ved sist val vart ho likevel ikkje ordførar sidan alle dei andre partia gjekk saman om å få Roger B. Silden (Ap) som ordførar. Denne gongen satsar Henjum på fylkestinget og spørsmålet er om veteranen Nils Holvik kan vidareføre den store Venstre-dominansen ved årets val. Silden går på att som ordførarkandidat for Arbeidarpartiet og satsar kanskje på same samarbeid som sist. I realiteten står ordførarkampen mellom Roger B. Silden og Nils Holvik. Advokaten Jan Erik Holvik stiller på topp for Høgre, medan Asgeir Solheim er på topp for Senterpartiet. Veteranen Reiel Fagerlid er også med der.
Raud Valallianse stiller liste i år, og som sist er også Bryggjalista på plass. Trygve Lillestøl og dei andre i kommunestyret frå KrF gir seg i år og partiet stiller med nytt mannskap.
Aktuelle saker
Ein lang strid om lokalisering av sjukeheim og omsorgsbustader er over, og det viktigaste framover vert å få orden på økonomien i kommunen og å oppretthalde dagens tenestetilbod. Viktig også å framskunde utbetringane på rv. 617 mellom Måløy og Raudeberg.
Spørsmålet er også om dei klarer å få bygd ut industriområdet på Trollebø, som dei har frist på ut 2004 om dei skal få statleg tilskot. Eit av momenta er å få lagt om fylkesvegen dit. Til no er det berre forfabrikken til SeaGrain som vil starte på Trollebø.
|
Det hastar med vidare utbygging på Trollebø. |
Fiskeri og oppdrett er berebjelken i Vågsøy kommune. Nedgangstidene innanfor denne næringa merkar kommunen godt. Og korleis det går med kommunen i tida framover, avhenger mykje av korleis det går med oppdretten og fiskeria på havet.
Kommunestyret 1995-99
Vågsøy kommunestyre har 37 medlemmer: 7 AP, 5 H, 4 KrF, 3 SP, 13 V, 3 FrP, 2 Samlingsliste for Bryggja. Kommunestyret kjem til å ha 27 medlemmer neste periode.
Lister 2003
8 lister i Vågsøy: AP, Bryggjalista, FrP, H, KrF, SP, V, RV.
Aktuelle politikarar
Roger Bernt Silden (AP), Nils Holvik (V), Jan Erik Holvik (H), Asgeir Solheim (SP).
Fylkestinget: Tryggve Lillestøl er nr. 3 på KrF si fylkestingsliste.