Skilletoppknapp fylkesleksikonSkilleNynorsk mediesenter GUL logo toppknapp 115pSkilleLokalradio på internett toppknappSkille_slutt
Val 2003 Sogn og Fjordane 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Val 2003 Sogn og Fjordane
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
NRK SOGN OG FJORDANE I LYD OG BILETE
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100,
6800 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42
Distriktsredaktør

 

Vik

Erling Stadheim er ordførar i Vik. Foto © NRK.
Erling Stadheim er ordførar i Vik. Foto © NRK.

Sjå valresultatet for Vik


Publisert 14.05.2003 08:37. Oppdatert 14.09.2003 21:44.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Innbyggjarar: 2 930
Tid for valresultat : 22.00
Leiar i valstyret : Erling Stadheim

Politisk karakteristikk

Tradisjonelt har Arbeidarpartiet og Senterpartiet vore dei store partia i Vik, noko som avspeglar at Vik framleis er både ein jordbruks- og industrikommune. Erling Stadheim, Ap, har vore ordførar i 12 år, men gjev seg no. Erik Lidal, Sp, har vore varaordførar dei siste åtte åra. Han er framleis Sp sin ordførarkandidat, medan Marta Finden Halset toppar Ap-lista, og etlar seg til å bli ordførar i Vik.
Vik kommunestyre skal reduserast frå 21 til 17 medlemmer frå valet i haust.

Politisk situasjon

I Vik har det vore tradisjon for at mest alle val er samrøystes og stor kontinuitet i kommunestyret. Nytt av året er det at Framstegspartiet stiller liste i Vik, og kjem det inn i kommunestyret kan det kanskje vere duka for større politiske motsetningar også i Vik.

Dette er listetoppane i Vik ved kommunevalet 2003: Marta Finden Halset, Ap, Erik Lidal, Sp, Aril Grønningen, H, Gunn Randi Bjørnevoll Roset, KrF, Rune Hatlelid, SV, Gyda Bøtun, V og Rune Wold, FrP.

Aktuelle saker

Den store samlande saka i Vik er heilårsveg over Vikafjellet, ei sak som ikkje har vorte lettare å kjempe for med siste framlegg til nasjonal transportplan.

Vik kommune har eit oppsamla underskot på 13. mill. kroner. Kommunen har eit godt utbygd skule og eldretilbod, og må kallast ein av velstandkommunane i Sogn og Fjordane.

Kommunestyret 1999-2003:

Vik kommunestyre har 21 medlemmer : 8 Sp, 7 Ap, 2 H, 2 KrF, 1 SV og 1 V.

Lister 2003:

7 lister : Ap, FrP, H, KrF, Sp, SV og V.
Vik kommunestyre skal reduserast frå 21 til 17 medlemmer.

Aktuelle politikarar:

Ingen politikarar frå Vik er så høgt på fylkestingslistene at dei har sjanse til å kome inn. Høgast står Anne Grethe Tveit, nr. 7 på SV-lista.


VALLISTER 2003 I VIK 
Venstre i Vik
Sosialistisk Venstreparti i Vik
Senterpartiet i Vik
Kristeleg Folkeparti i Vik
Arbeidarpartiet i Vik
Høgre i Vik
Framstegspartiet i Vik
LENKER

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 

Ordførarkabalane er lagt

Ordførarkabalen er klar i alle kommunane i fylket. Her kan du få oversikten over alle kommunestyra og ordførarar i fylket etter valet i haust.
LES OM VALET I KOMMUNEN DIN

Alle artiklane frå Val 2003

Her kan du sjå den oppdaterte lista over alle artiklane frå valet 2003 i Sogn og Fjordane (klikk "Meir"):

Skråblikk på valet

Det er som oftast røynde, gråspetta menn som meiner og synsar når det er valkamp og val. Vi ba den yngste jenta i redaksjonen vår om å ha skråblikk på valkampen.

Eit spørsmål om å vere interessant

Då staten tok over sjukehusa mista fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane sitt beste virkemiddel for å gjere seg interessante for folk flest i fylket. Det store spørsmålet er korleis dei skal gjere seg interessante i framtida.

Møt politikarane på internett

Nettmøta kan du følgje direkte på valsidene våre på internett. Svara frå politikarane finn du etterkvart her.

Heimesidene til partilaga

Her finn du lenkjer til dei politiske partia som stiller lister i Sogn og Fjordane.

Kommune- og fylkestingsval 15. september

Kommune- og fylkestingsvalet i 2003 skal haldast måndag 15. september. På desse sidene kjem artiklar frå Sogn og Fjordane om valet. Framfor valet er det gjort ei rekkje endringar i Vallova:
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no