Skilletoppknapp fylkesleksikonSkilleNynorsk mediesenter GUL logo toppknapp 115pSkilleLokalradio på internett toppknappSkille_slutt
Val 2003 Sogn og Fjordane 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Val 2003 Sogn og Fjordane
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
NRK SOGN OG FJORDANE I LYD OG BILETE
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100,
6800 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42
Distriktsredaktør

 

Stryn

Nils Støyva er ordførar i Stryn
Nils Støyva er ordførar i Stryn

Sjå valresultatet for Stryn


Publisert 14.05.2003 08:37. Oppdatert 14.09.2003 22:38.
Innbyggarar : 6 700
Tid for resultat : omlag 22.30
Leiar i valstyret : Nils P. Støyva

Politisk karakteristikk

Stryn har det mest allsidige og stabile næringslivet i fylket vårt, med mykje lokalt eigarskap. Tradisjonelt er det ein Senterpartikommune, men ved siste val ville ikkje listetoppen til Sp stille som ordførar. Mot fem røyster frå Høgre og FrP samla kommunestyret seg om den unge listetoppen til Arbeidarpartiet, Nils P. Støyva, som ordførar. Varaordførar er Johanna Nygjerd, KrF.

Politisk situasjon

Det er grunn til å rekne med at Nils P. Støyva vert attvald som ordførar i Stryn. Han har vunne respekt og vert sett på som ein som har ”framtida føre seg” i Arbeidarpartiet. Sp og Høgre har nye listetoppar i Per Atle Kjøllesdal og Sissel Skogen, men det skal godt gjerast at ein av dei maktar å vippe vekk sitjande ordførar. SV stiller kommunevalliste i Stryn for fyrste gong, med Liv Elisabet Rygg på toppen.

Framstegspartiet har lenge hatt godt fotfeste i Stryn, og har med sine fire kommunestyrerepresentantar den største FrP-gruppa i fylket. Men Audun Muri står ikkje lenger på toppen av lista, og han har hatt godt veljartekke. Listetopp no er Anders Magne Vik.

Demokratane stiller liste både til kommunevalet i Stryn og til fylkestingsvalet med den tidlegare FrP-mannen Arve Espelund på toppen.

Dette er listetoppane ved kommunevalet i Stryn i 2003: Nils P. Støyva, Ap, Johanna Nygjerd, KrF, Per Atle Kjøllesdal, Sp, Sissel Skogen, H, Anders Magne Vik, FrP, Liv Elisabet Rygg, SV, Torstein Tvinnerheim, V og Arve Espelund, Demokratane.

Aktuelle saker

Det er ingen heite stridstema i Stryn for tida. Men det er ein gryande debatt om skulestrukturen, styrking av omsorgssektoren og FrP sitt ynskje om privatisering av offentlege tenester. Rekneskapet for 2002 syner balanse.

Utad kjempar stryningane for utbygging av Stryn vidaregåande skule, bygging av Kvivsvegen og utbetring av riksveg 60 Olden-Innvik. Varaordførar Johanna Nygjerd, KrF, har vore frontfigur for utbetringa av denne riksvegen, som ”alle” tykkjer det bør gjerast noko med, men som det er vanskeleg å få prioritert. Det er ikkje sett av ei einaste krone til Kvisvegen eller riksveg 60 i framlegget til Nasjonal Transportplan 2006-2015.

Stryningane er kjende for å mobilisere for ”sine” kandidatar. Ved siste fylkestingsval fekk høgremannen Eivind Grov 350 røyster frå Stryn til fylkestingsvalet. Men i år er Stryne-kandidatane spreidde på mange parti,
og i tillegg har nabokommunen Hornindal Cecilie Thaule Løvlid på tredjeplass på Ap-lista.

Kommunestyret 1999-2003

Stryn kommunestyre har 31 medlemmer; 5 Ap, 4 FrP, 5 H, 4 KrF, 11 Sp, 2 V.

Lister 2003:

Ap, FrP, H, KrF, Sp, SV, V og Demokratane.

Stryn kommunestyre skal frå hausten av reduserast til 25 representantar.

Aktuelle politikarar:

Nils P. Støyva, Ap,
Johanna Nygjerd, KrF,
Per Atle Kjøllesdal, Sp,
Sissel Skogen, H,
Anders Magne Vik, FrP,
Liv Elisabet Rygg, SV,
Torstein Tvinnerheim, V,
Arve Espelund, Demokratane.

Til fylkestingsvalet er Johanna Nygjerd nr 5 på KrF-lista, Arve Glomnes står på 6. plass på FrP-lita, Sissel Skogen har 6. plass på Høgre si liste, Laila Melkevoll er nr 6 på Sp-lista, Jon Aaning er nr 3 på lista til Kystpartiet og Arve Espelund toppar lista til Demokratane.

Ved valet i 1975 var Hornindal ein del av Stryn kommune.

VALLISTER 2003 I STRYN 
Venstre i Stryn
Sosialistisk Venstreparti i Stryn
Senterpartiet i Stryn
Kristeleg Folkeparti i Stryn
Høgre i Stryn
Framstegspartiet i Stryn
Demokratene i Stryn
Arbeidarpartiet i Stryn
LENKER

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 

Ordførarkabalane er lagt

Ordførarkabalen er klar i alle kommunane i fylket. Her kan du få oversikten over alle kommunestyra og ordførarar i fylket etter valet i haust.
LES OM VALET I KOMMUNEN DIN

Alle artiklane frå Val 2003

Her kan du sjå den oppdaterte lista over alle artiklane frå valet 2003 i Sogn og Fjordane (klikk "Meir"):

Skråblikk på valet

Det er som oftast røynde, gråspetta menn som meiner og synsar når det er valkamp og val. Vi ba den yngste jenta i redaksjonen vår om å ha skråblikk på valkampen.

Eit spørsmål om å vere interessant

Då staten tok over sjukehusa mista fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane sitt beste virkemiddel for å gjere seg interessante for folk flest i fylket. Det store spørsmålet er korleis dei skal gjere seg interessante i framtida.

Møt politikarane på internett

Nettmøta kan du følgje direkte på valsidene våre på internett. Svara frå politikarane finn du etterkvart her.

Heimesidene til partilaga

Her finn du lenkjer til dei politiske partia som stiller lister i Sogn og Fjordane.

Kommune- og fylkestingsval 15. september

Kommune- og fylkestingsvalet i 2003 skal haldast måndag 15. september. På desse sidene kjem artiklar frå Sogn og Fjordane om valet. Framfor valet er det gjort ei rekkje endringar i Vallova:
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no