Innbyggjarar: 3046
Tid for resultat: 23.00
Leiar i valstyret: Gunn Helgesen
Politisk karakteristikk
Einaste kommunen i Sogn og Fjordane med direkte ordførarval. Den kandidaten med flest stemmer vert ordførar, sjølv om partiet åleine eller i konstellasjon med andre ikkje nødvendigvis har fleirtal i kommunestyret. Noverande ordførar Gunn Helgesen (KrF) stiller saman med fem andre kandidatar. Ein tradisjonell Høgre-kommune, men KrF har vore ved roret siste perioden.
Politisk situasjon
Det blir spennande å sjå kva direkte ordførarval kan gjere med valkampen i Selje i år. Det er seks kandidatar, der Åge Starheim (FrP), Gunn Helgesen (KrF) og Liv Stave (H) er dei heitaste kandidatane. I tillegg stiller veteranen Ottar Nygård for Ap, Dag Austring for Sp og Richard Eide frå Folkeleg Fellesliste.
Gamle-ordføraren og tidlegare Høgre-mannen Åge Starheim kan bli den første FrP-ordføraren i Sogn og Fjordane. I dag har dei fire representantar i kommunestyret og det er ikkje mykje som skal til for han skal bli historisk. Tverrpolitisk Samlingsliste har inneverande periode hatt tre representantar, men stiller ikkje liste i år. Spørsmålet er om Starheim klarer å plukke veljarane deira som i størst grad held til på sørsida av Selje.
Elles prøver veteranen Liv Stave (H) seg på å få ordførarvervet. Selje er ein sterk Høgre-kommune, og er det partiet med flest representantar i kommunestyret i dag (seks). Ho står også på andre plass på fylkestingslista til Høgre og er sentralstyremedlem i partiet. Gunn Helgesen (KrF) har styrt kommunen siste perioden og vil prøve seg på ny. Men om det vert ho, Stave eller Starheim er meir eller mindre heilt ope. Ottar Nygård er nok den einaste reelle utfordraren til dei tre andre om ordførarvervet.
Aktuelle saker
|
Kampen for og mot vindmøller er ikkje død i Selje. |
Det mest brennbare temaet den siste tida har vore striden om vindmøllene på Stadlandet. Den er no lagt død, sjølv om Liv Stave framleis har lyst på møller og vil prøve å få dei opp andre stader i området, t.d. i eit samarbeid med Vanylven kommune. Ho går elles til val på tradisjonelle Høgre-saker som konkurranseutsetjing av kommunale tenester og at næringslivet skal få meir albogerom. Ho vil elles ha ei større satsing på reiseliv knytta opp mot helse og Selje kloster. Å oppretthalde skulestrukturen er viktig både for ho og Gunn Helgesen. Helgesen fokuserer elles på opprusting av vegane og omsorgstilbodet.
Store saker i neste periode vert nok spørsmålet om kommunesamanslåing. Eit utgreiingsarbeid er i gang, men så fort det er snakk om lokalisering dreg alle nordfjordkommunane i kvar sin retning. Spørsmålet er kor mange som vert slegne saman og kven som slår seg saman med kven - dersom det skjer. Åge Starheim (FrP) er svært innstilt på å få til eit tett samarbeid mellom nordfjordkommunane, og kanskje jobbe mot ei folkerøysting i løpet kommande periode. Elles må dei ta stilling til om kommunen skal selje aksjene i SFE.
Kommunestyret 1999-03
Selje kommunestyre har 25 medlemmer: 4 AP, 6 H, 5 KrF, 1 SP, 4 FrP, 3 Tverrpolitisk Samlingsliste, 2 Folkeleg Fellesliste.
Lister 2003
Seks ordførarkandidatar med tilhøyrande lister:
Gunn Helgesen (KrF)
Liv Stave (H)
Åge Starheim (FrP)
Dag Austring (Sp)
Ottar Nygård (Ap)
Richard Eide (Folkeleg fellesliste)
Aktuelle politikarar
Gunn Helgesen (KrF), Liv Stave (H), Åge Starheim (FrP), Ottar Nygård (Ap), Dag Austring (SP). På Stortinget: Sverre Hoddevik (H)