Innbyggjarar: 901
Førebels oppteljing er venta klar kl 21.
Førebels oppteljing av førehandsrøyster: kl 21.
Leiar i valstyret: Steinar Krakhellen
Politisk karakteristikk:
Etter at Arbeidarpartiet hadde hatt både ordførar og varaordførar i dei to føregåande periodane, tok Høgre heilt over styringa i øykommunen ved sist val. Med 50,7 prosent av røystene fekk partiet hand om begge verva. Med lovnad om å rydde opp i bråket i kommuneadministrasjonen tok Steinar Krakhellen over etter Vigdis Midtbø frå Ap.
Varaordførar er Edel Færøvik Bontveit, H.
Politisk situasjon:
Steinar Krakhellen har lukkast med ryddejobben. Etter svært mykje turbulens i og kring kommuneadministrasjonen har det no vore stille lenge i Solund. Bråket har også sett sitt preg på kommunepolitikken og Krakhellen har måtte tole mykje kritikk frå opposisjonen for måten han har handtert personstriden på.
Aktuelle saker:
Stoppe fråflytting og betre kommunikasjonar er til ei kvar tid viktige saker i Solund. Kommunen jobbar også mykje med å skape nye arbeidsplassar. På Lundøy er arbeidet med å byggje ny fiskerikai starta. Bygging av idrettsbane, nytt bustadfelt og utbygging av hamna på Hardbakke er andre viktige oppgåver i Solund.
Kommunestyret 1999-2003:
Solund kommunestyre har 17 medlemmer. 9 H, 5 Ap, 2 Sp og 1 SV.
Lister 2003:
5 lister; H, Ap, Sp, FrP og SV. Talet på kommunestyrerepresentantar vert frå komande periode redusert til 15.
Aktuelle politikarar:
Steinar Krakhellen, H.