Innbyggjartal: 2371
Tid for resultat: ca. 23.00
Leiar for valstyret: Elin Schei Stuhaug
Politisk karakteristikk:
Tradisjonelt sterk Sp-kommune, men partiet gjekk kraftig tilbake ved siste val. Åtte parti stiller liste i år. Siste vals Naustdalsliste er vekke.
Politisk situasjon:
Jan Herstad frå Senterpartiet vart ordførar etter siste val. Han har markert seg som sterk kritikar av det han kallar styresmaktene si knebling av kommunane. Herstad tok iniativet til kommunesamanslåinga i Sunnfjord, og ser ut til å ha vunne seg respekt i heimkommunen den tida han har vore ordførar. Samlingslista med Arne Grimseth er vekke etter siste val. Den vart etablert etter ein intern strid i Høgre. Motparten den gongen, Elin Schei Stuhaug, har gått ut av Høgrelista etter mange år i kommunepolitikken. Ho har vore varaordførar den siste perioden, og blir erstatta av Harald Kvame på toppen av lista.
|
Åsmund Berthelsen gir seg i kommunepolitikken. |
Åsmund Berthelsen frå SV gir seg etter ei rekkje år i kommunestyret, og blir erstatta av Marit Varpe Kaasen.
Herstad vil argumentere for ei kommunesamanslåing i valkampen. Sjølv om skepsisen ser ut til å vere stor også i Naustdal, så ligg det an til at han får halde fram som ordførar dei neste fire åra. Viss Naustdal eksisterer som kommune så lenge.
Aktuelle saker:
Den elendige kommuneøkonomien og ei eventuell samanslåing med nabokommunane er dei store sakene i Naustdal. Sitjande ordførar Jan Herstad tok iniativet til ein ny samanslåingsdebatt i Sunnfjord. Bort sett frå han, så er det få som har argumentert for dette synet i hans eigen kommune. Kommunen har store problem med å få drifta til å gå rundt. Det er også årsaka til at naustedølene kan kome til å gå inn for ei samanslåing med dei andre sunnfjordkommunane.
Kommunestyret 2000-2003:
Naustdal kommunestyre har 21 representantar. 3 Ap, 3 SV, 4 Høgre, 5 SP, 1 KrF, 5 Naustdalslista.
Lister 2003:
Ap, FrP, H, KrF, RV, Sp, SV og V
Aktuelle politikarar:
Jan Herstad (Sp), Harald Kvame (H), Randi Elvebakk Reiakvam (Ap)