Innbyggjarar: 2 180
Tid for resultat: kl 23.30
Leiar i valgstyret: Olav Wendelboe
Politisk karakteristikk
Kvart kommuneval i Lærdal brukar å vere ei mannjamning mellom Ap og Felleslista Sp/H/KrF/V. Siste to periodane har SV vore på vippen og samarbeidd med dei borgarlege om ordføraren. Olav Wendelboe (Felleslista) har vore ordførar siste perioden, men gir seg no. Knut O. Aarethun (Ap) satsar på comeback i kommunepolitikken.
Politisk situasjon
|
Knut O Aarethun ønskjer politisk comeback. |
Veteranen Lars Petter Nesse (Sp) står øverst på lista til Felleslista, men skal få hard konkurranse frå ringreven Knut O Aarethun som stiller på topp for Arbeidarpartiet. Han ga seg som fylkesordførar for fire år sidan og satsar no på comeback i kommunepolitikken, der han var sist fram til 1991.
SV har røynde Anna Avdem på topp, og partiet kan kome til å spele ei vipperolle også ved dette valet.
FrP stiller liste i Lærdal for første gong. Åtte ferske politikarar på lista, der Harald Sand står øverst.
Liv Signe Navarsete står nederst på lista til Felleslista, men kan kome til å gjere eit bra val. Men det spørs om nestleiaren i Senterpartiet har tid til å vere ordførar dersom det skulle bli aktuelt.
Aktuelle saker
Bygging av idrettshall var ei kampsak under valkampen sist og vert det no også. Det same vert renovering av skulebygga. Rådmannen foreslår å finansiere dette ved eigedomsskatt i sentrum, og det blir heilt sikkert ei heit politisk sak for det komande kommunestyret.
Kommunestyret 1999-03
Lærdal kommunestyre har 21 medlemmer: 9 Ap, 2 SV og 10 Felleslista. I neste periode vert dei 17 i kommunestyret.
Lister 2003
4 lister: Ap, SV, FrP og Fellesliste Sp/H/KrF/V
Aktuelle politikarar
Lars Petter Nesse (Sp/Felleslista), Knut O Aarethun (Ap) og Liv Signe Navarsete (Sp/Felleslista).