Skilletoppknapp fylkesleksikonSkilleNynorsk mediesenter GUL logo toppknapp 115pSkilleLokalradio på internett toppknappSkille_slutt
Val 2003 Sogn og Fjordane 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Val 2003 Sogn og Fjordane
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
NRK SOGN OG FJORDANE I LYD OG BILETE
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100,
6800 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42
Distriktsredaktør

 

Luster

Ernst Veum er ordførar i Luster. Foto © NRK
Ernst Veum er ordførar i Luster. Foto © NRK

Sjå valresultatet for Luster


Publisert 14.05.2003 08:36. Oppdatert 14.09.2003 22:11.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Innbyggjarar: 4950
Tid for resultat: 23.00
Leiar i valstyret: Ernst Veum

Politisk karakteristikk:

Arbeidarpartiet har hatt full kontroll i ein av dei rikaste kommunane i fylket gjennom 14 år. Men heller ikkje Luster er nokon søndagsskule.

Politisk situasjon:

Med Ernst Veum som ordførar i 14 år, og eit Arbeidarparti som er blitt stadig større, så skulle ein tru at partiet satsa på å halde fram suksessformelen. Men i vinter vart partiet på nytt råka av bygdekrangelen mellom Hafslo og Luster på den eine sida, og Jostedalen og Gaupne på den andre. Ernst Veum vart kasta og tok til takke med 2. plassen. Inger Marie Evjestad frå Gaupne tok over topp-plassen.

Arbeidarpartiet i Luster har fleire medlemmer enn noko anna kommuneparti i fylket. Årsaka er truleg at det har vore stor mobilisering i dei fire lokallaga for å få flest medlemmer, og dermed størst tyngde innad i Arbeidarpartiet.

I år blir det stilt fleire lister i kommunen enn nokon sinne. Det kan føre til at Arbeidarpartiet sitt hegemoni blir rokka ved. Det same gjeld striden i Arbeidarpartiet, og spørsmålet om opprustinga av sjukestova i Luster.

Torodd Urnes frå KrF blir sett på som den største utfordraren til Evjesand. Kommuneveterinæren er både godt kjend og godt likt i kommunen. Kjellfred Weum frå Senterpartiet er også ein utfordrar. Tradisjonelt sett var partiet svært sterkt i Luster.

Aktuelle saker:

Luster er ein svært rik kommune, og har like mykje på bok som i gjeld. Det – og geografien i den store kommunen – gjer at spørsmålet om kommunesamanslåing blir sett på som heilt uinteressant. Sjukestova i Luster var nok den direkte årsaka til striden om kven som skulle toppe Ap-lista ved dette valet. Også der stod dei lokale partilaga i Ap mot kvarandre.

Kommunestyret 2000-2003:

29 medlemmer i Luster kommunestyre: Ap 17, Felleslista (Sp, KrF og H) 11, V 1.

Lister 2003:

Sju lister: Ap, KrF, Sp, H, V, FrP, SV

Aktuelle politikarar:

Inger Marie Evjestad og Ernst Veum frå Ap, Torodd Urnes frå KrF, Kjellfred Weum frå Sp, Tor Bremer toppar Arbeidarpartiet si fylkestingsliste og er også leiar for Arbeidarpartiet. Ola Martin Bakken er høgt oppe på Krf si fylkestingsliste.


VALLISTER 2003 I LUSTER 
Venstre i Luster
Sosialistisk Venstreparti i Luster
Senterpartiet i Luster
Kristeleg Folkeparti i Luster
Høgre i Luster
Framstegspartiet i Luster
Arbeidarpartiet i Luster
LENKER

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 

Ordførarkabalane er lagt

Ordførarkabalen er klar i alle kommunane i fylket. Her kan du få oversikten over alle kommunestyra og ordførarar i fylket etter valet i haust.
LES OM VALET I KOMMUNEN DIN

Alle artiklane frå Val 2003

Her kan du sjå den oppdaterte lista over alle artiklane frå valet 2003 i Sogn og Fjordane (klikk "Meir"):

Skråblikk på valet

Det er som oftast røynde, gråspetta menn som meiner og synsar når det er valkamp og val. Vi ba den yngste jenta i redaksjonen vår om å ha skråblikk på valkampen.

Eit spørsmål om å vere interessant

Då staten tok over sjukehusa mista fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane sitt beste virkemiddel for å gjere seg interessante for folk flest i fylket. Det store spørsmålet er korleis dei skal gjere seg interessante i framtida.

Møt politikarane på internett

Nettmøta kan du følgje direkte på valsidene våre på internett. Svara frå politikarane finn du etterkvart her.

Heimesidene til partilaga

Her finn du lenkjer til dei politiske partia som stiller lister i Sogn og Fjordane.

Kommune- og fylkestingsval 15. september

Kommune- og fylkestingsvalet i 2003 skal haldast måndag 15. september. På desse sidene kjem artiklar frå Sogn og Fjordane om valet. Framfor valet er det gjort ei rekkje endringar i Vallova:
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no