Innbyggjartal: 2200
Tid for resultat: 21.30
Leiar for valstyret: Rolf Nesheim
Politisk karakteristikk:
Fylkets største byråkratkommune, med fylkesmann Oddvar Flæte som den fremste sjefsbyråkraten. Men vil Flæte si fanesak; kommunesamanslåing slå an?
Politisk situasjon:
Rolf Nesheim frå Venstre har regjert Leikanger med støtte frå Høgre, SV, KrF og Senterpartiet. Nesheim er også leiar for Venstre i Sogn og Fjordane, og har markert seg som ein sterk motstandar av kommunesamanslåing. Han får neppe fleire år i ordførarstolen. Personkjemien mellom han og dei andre koallisjonspartnarane gjer at Høgre og Senterpartiet no vil søkje seg saman med Arbeidarpartiet, og det betyr truleg at Olav Lunden frå Ap blir ordførar dei neste fire åra. Alternativa er Monica Åsnes frå Høgre og Jarle Andersen frå Senterpartiet, men i alle fall Sp blir truleg for små til å nå opp.
Aktuelle saker:
Plasseringa av sjukeheimen i Leikanger var den store saka før valet for fire år sidan. Usemje om den var også den direkte årsaka til at samarbeidet sprakk mellom dei partia som har styrt Leikanger dei siste fire åra.
Den store saka som skil partia no er spørsmålet om det skal byggast idrettshall i Lerum-bygget eller ikkje. Det kan også bli spørsmålet om kommunesamanslåing. Der fekk Nesheim sterk kritikk fordi han tidleg gjekk ut som ein markant motstandar. Som Venstre-leiar har han også teke avstand frå ei samanslåing i indre Sunnfjord. Kommunestyret skal i sommar ta stilling til om det skal vere folkeavrøysting rundt spørsmålet i samband med valet.
Eit anna spørsmål som er heitt i Leikanger er spørsmålet om dei skal ruste opp Statens Hus, og satse på at Staten finn det godt nok til å leige seg inn. Eller om dei heller vinn på at Staten set opp eit nytt bygg i bygda. Leikanger har store leigeinntekter frå staten i dag.
Kommunestyret 2000-2003:
Leikanger kommunestyre har 17 medlemmer: Ap 7, H 3, Sp 1, V 3, KrF 1 og SV 2.
Lister 2003:
6 lister: Ap, H, Sp, V, KrF, SV
Aktuelle politikarar:
Rolf Nesheim (V) ordførar, leiar for Sogn og Fjordane Venstre og 3. plass på fylkestingslista til Venstre. Olav Lunden (Ap), Monika Åsnes (H), Jarle Andersen (SP), Astrid Hammer Bolstad (SV)