Innbyggjartal: 2974
Tid for resultat: 24:00 Rundt klokka 22:00 for fylkesval og samanslåing
Leiar for valstyret: Gerd Dvergsdal
Politisk karakteristikk:
Svært sterk Senterpartikommune.
Politisk situasjon:
Gerd Dvergsdal (Sp) vart vald til ordførar i 1995, og vart attvald i 1999. Saman med KrF har Senterpartiet reint fleirtal i kommunestyret med til saman 13 representantar. Steinar Høyvik frå KrF er varaordførar.
Senterpartiet auka oppslutnaden i 1999, og Dvergsdal sin sterke posisjon i Jølster kan vere mykje av forklaringa. Ho har stor respekt både i lokalsamfunnet og i dei andre politiske partia. Dvergsdal toppar lista i år også, og held truleg fram som ordførar også dei neste fire åra.
Atle Hamar byter plass med svigermor Judith Kapstad på toppen av Venstre-lista, og har tidlegare vore ein stemmesankar i Jølster.
Leiar for SV i Sogn og Fjordane Magne Aardal toppar SV si liste. Steinar Høyvik som har vore varaordførar i ei årrekkje gir seg i politikken.
FrP stiller for første gong liste i Jølster, og har Anne Marit Sunde på toppen av lista.
Aktuelle saker:
Den største saka også i Jølster er spørsmålet om dei skal med i ein storkommune i Sunnfjord. Skepsisen er svært stor. Dei fleste er samde om at dei berre vil inn i storkommunen viss dei ikkje klarer å overleve som eigen kommune. Difor er kommunen også i gang med eit arbeid for å få ned utgiftene utan å gå saman med dei andre kommunane.
Gerd Dvergsdal går mot samanslåing. Med hennar posisjon i kommunen vil det truleg vege tungt når jølstringane går til stemmeurnene. Denne saka kan på nytt dele jølstringane inn i to geografiske blokker. Det er venta at viljen til ei samanslåing er langt større i Vassenden-området enn hos dei som soknar til Skei i den andre enden av Jølstravatnet. Listetoppane i Venstre, Ap og Høgre har varsla at dei går inn for ei samanslåing.
|
Kraftutbygging i Kjøsnesfjorden er omstridd. |
Ei anna stor sak er kampen for å få bygd ut Kjøsnesfjorden Kraftverk. Med unntak av ein representant frå Venstre så var kommunestyret samrøystes positive då spørsmålet kom opp i fjor.
I heile teke er semja stor innad i kommunestyret i Jølster. Den økonomiske krisa som også har råka Jølster er truleg årsaka til at dei i store trekk løftar i flokk.
Kommunestyret 2000-2003:
Jølster kommuenstyre har 25 representantar. 10 Sp, 3 KrF, 2 H, 2 SV, 4 Ap, 4 V
Lister 2003:
7 lister: Ap, Sp, H, KrF, SV, V, FrP
Aktuelle politikarar:
Gerd Dvergsdal (Sp), Atle Hamar (V), Magne Aardal (SV), Inger Linn Aasen (KrF), Atle Sandnes (Ap). Knut M Olsen er Senterpartiet sin 4. kandidat til fylkestinget.