Innbyggjarar: 2.450
Tid for endeleg resultat: ca 23.30.
Poststemmer: ca kl 21.00
Leiar i valstyret: Trude Brosvik.
Politisk karakteristikk:
Tidlegare var Gulen ein sterk Sp-kommune. Men etter siste val har ikkje kommunen hatt noko dominerande politisk parti. Veljarane har spreidd seg over det meste av det politiske landskapet.
Politisk situasjon:
Trude Brosvik, KrF, har vore ordførar dei siste fire åra. Ho var kommunen sin første kvinnelege ordførar. Reidun Høydal, Ap, er varaordførar. Brosvik vart ordførar på eit valteknisk samarbeid med Ap og V. Haustens val vil neppe skape dei store politiske endringane i kystkommunen. Mykje truleg får Brosvik halde fram som ordførar – i alle fall har ho sagt ja til attval. Brosvik har markert seg som ei engasjert og uredd talskvinne for fattige utkantkommunar. Ho har heller ikkje kvidd seg på å kritisere distriktspolitikken til regjeringa til hennar eige parti. Brosvik er òg sentralstyremedlem i KrF.
Dei andre førstekandidatane i Gulen er Arve Osland, Ap, Dagfinn Midtun, V, Hallvard S. Oppedal, Sp og Arve Mjømen, H.
Aktuelle saker:
Svært dårleg kommuneøkonomi har prega Gulen den siste perioden. Så botnskrapa var kassen at ordføraren på alvor truga med å slå kommunen konkurs. Situasjonen var faktisk så ille at Gulen til slutt fekk ei ekstraløyving frå staten for å kunne overleve. Kommunen går no på ein skikkeleg økonomisk hestekur. Det er alt kutta kraftig i tenestetilbodet, og innbyggjarane må nok bu seg på nye kutt dei komande åra og. Det vert neppe rom for dei store investeringane.
Elles har politikarane brukt mykje tid på å finne ut om dei skal samarbeide med naboane i Nordhordland eller i Ytre Sogn. Samanslåing er neppe aktuelt, men utviklinga går nok mot eit meir omfattande interkommunalt samarbeid. Førebels ser gulingane mot nord, men siste ord er neppe sagt i den debatten.
Kommunestyret 1999-2003:
Gulen kommunestyre har 21 medlemmer: 5 Ap, 5 KrF, 4 Sp, 4 H og 3 V.
Lister 2003:
5 lister: Ap, H, KrF, Sp og V.
Aktuelle politikarar:
Trude Brosvik, KrF. Arve Mjømen står på 9. plass på Høgre si fylkestingsvalliste.
Andre politiske verv: Trude Brosvik er sentralstyremedlem i KrF.