Innbyggjartal 5 700
Tid for resultet: 22.00
Leiar i valstyret: Ordførar Anders Ryssdal/sekr. Jan Kåre Fure
Politisk karateristikk
Landbrukskommunen Gloppen er kanskje den mest utprega Senterparti-kommunen i Sogn og Fjordane, og har hatt Sp-ordførar sidan 1968. Ved kommunevalet i 1999 tok Anders Ryssdal over som ordførar etter Nils R. Sandal, som då vart fylkesordførar. Varaordførar Kirsten Marit Rygg, V.
Politisk situasjon
I 1999 vart KrF det neste største partiet i kommunestyret, etter ein særs aktiv valkamp frå listetoppen Magne Aarøen, som seinare kom på Stortinget i 2001. Men ved konstitueringa i 1999 samarbeidde Sp, Ap, Venstre og SV om val av formannskap og ordførar.
I 2003 stiller Framstegspartiet liste i Gloppen for fyrste gong, med berre menn på lista.
Dei andre partia lærde av siste kommuneval, då det var mykje kritikk av for få kvinner på listene. Men berre Kristeleg Folkeparti og Venstre stiller med kvinner på toppen av lista.
Det skal nok mykje til å vippe Senterpartiet vekk frå ordførarstolen. Men det er tradisjon for mobilisering ved val i Gloppen, frå bygdelag som tykkjer dei fekk for få representantar ved siste val. Men etter dei siste endringane i vallova er det ikkje lenger hjelp i å stryke på listene, berre kummulere og føre over. Talet på kommunestyremedlemmer i Gloppen skal dessutan ned frå 33 til 27.
Listetoppar i Gloppen ved kommunevalet 2003 er: Anders Ryssdal, Sp, Svein Førde, Ap, Hans Os, H, Åshild Klara Roseth, KrF, Øystein Hellerud, FrP, Kristin Sælen, V og Sverre Folkestad, SV.
Aktuelle saker
Den store saka i Gloppen for tida er Trivselshagen, eit storstilt byggeprosjekt som omfattar helse, kultur, idrett, forsking, undervisning og ulike trivselstiltak. Trivselshagen er av mange sett på som det viktigaste tiltaket for utviklinga i Gloppen på mange år. Prosjektet er kostnadsrekna til 190 mill kr og inngangsbilletten for Gloppen kommune er 40 mill kr og truleg forskottering av tippemidlar på 25 mill kr.
Gloppen kommune hadde i 2002 eit underskot på 12,7 mill kr, og kommuneøkonomien vert sikkert eit heitt valkamptema der som elles. Eit konsulentfirma er hyra for å sjå på drifta av kommunen, og skal ha klar ei innstilling klar i haust. Kampen for å behalde flyplassen på Anda og rassikring i Hyestranda er det semje om i kommunen.
Kommunestyret 1999-2003:
Gloppen har 33 representantar: 4 Ap, 5 H, 7 KrF, 12 Sp, 3 V, 2 SV
Lister 2003:
7 lister: Ap, Frp, H, KrF, Sp, SV, V.
Talet på kommunestyremedlemmer skal reduserast til 27.
Aktuelle politikarar:
Listetoppar i Gloppen er: Anders Ryssdal, Sp, Svein Førde, Ap, Hans Os, H,
Åshild Klara Roseth, KrF, Øystein Hellerud, FrP, Kristin Sælen, V og Sverre Folkestad, SV.
På listene til fylkestinget står fylkesordførar Nils R. Sandal på toppen i Senterpartiet og Svein-Ottar Sandal i Kristeleg Folkeparti. Magni Aa er nr. 6 på KrF-lista og Gunnvor A. Sunde står på 9. plass på Ap si fylkestingsliste.
På Stortinget var Magne Aarøen stortingsrepresentant for KrF frå 2001 til han døydde i juni i år. I hans stad møter 1. vara Per Steinar Osmundsnes frå Hyen, som også er leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom på landsplan.
Leidulf Gloppestad, som sit i noverande kommunestyre, er generalsekr. i Senterungdommens Landsforbund.