Innbyggjartal: 11 001
Tid for resultat:
Leiar for valstyret:
Politisk karakteristikk:
Aud Viken har gjort Ap stort i Førde. No er det slutt på Viken-tida. Spørsmålet er kva det gjer med oppslutnaden rundt partiet.
Politisk situasjon:
Aud Viken har vore ved roret i Førde sidan i 1987. No gir ho seg, og blir direktør ved Førde sentralsjukehus. Gir seg gjer òg hennar fremste våpendragar Hans Bruland, som også har spelt ei svært sentral, om enn meir anonym, rolle i Førde-politikken. Sveinung Nordtveit har som mål å ta over jobben til Viken, men om han klarer å halde Arbeidarpartiet på toppen i Førde er eit ope spørsmål.
|
Eva Marie Halvorsen (H)ønskjer å ta over ordførarklubba i Førde. |
Også varaordførar gjennom mange år, Wilhelm Sandal frå KrF, går av, og blir erstatta av Harald Sandvik. Veteranen Nils Gjerland frå Senterpartiet tek over topp-plassen på Senterpartilista etter Norvald Erdal. Både Gjerland og Eva Marie Halvorsen frå Høgre er utfordrarar til Nordtveit. Halvorsen og Høgre gjorde eit godt val sist, men ikkje godt nok til å ta makta frå Viken.
Aktuelle saker:
Førde blir det store senteret i ein storkommune i indre Sunnfjord. Politikarane der er truleg meir positive enn kollegaene i Gaular, Jølster og kanskje også Naustdal. Men i innflyttarkommunen Førde er det ikkje utenkjeleg at dette spørsmålet blir sett på som mindre interessant enn i nabokommunane av folk flest. I utkantane fryktar dei at Førde skal rive til seg fleire funksjonar viss dei slår seg saman. Det er ei av årsakene til at Førde-politikarane ikkje er meir agressive når dei argumenterer for samanslåing. Dei er rett og slett redde for at det skal skremme naboane til å stemme nei i folkeavrøystinga.
Økonomien i Førde er i krise, og nedlegging av skular er eit av dei aktuelle tiltaka. Ungdomstilbodet Skrivarløa vart lagt ned i vinter, og kom på fote att takka vere privat initiativ. Ei ny avdeling for senil demente står uopna på den flotte sjukeheimen.
|
Kleven Førde stenger dørene. |
Skipsverftet er dødsdømt etter over 30 år på Øyrane. Det er likevel ingen krisestemning i byen. I motsetnad til mange andre kommunane i fylket så er der ei rekkje offentlege arbeidsplasar som held hjula i gang, og folketalet veks så kjapt at dei snart kan vere størst i Sogn og Fjordane.
Den heitaste politiske saka i Førde i vinter var diskusjonen om korleis vegane skulle gå rundt dei største handelshusa. No er den avløyst av ein krangel om kven av handelshusa sine tilsette som parkerer på konkurrenten sin parkeringsplass. Sånn har dei det i Førde.
Kommunestyret 2000-2003:
Førde Bystyre har 35 representantar: 10 Ap, 5 KrF, 1 FrP, 6 Sp, 7 H, 2 V, 3 SV, 1 RV.
Lister 2003:
9 lister: Ap, H, KrF, V, Sp, SV, FrP, RV, Kystpartiet
Aktuelle politikarar:
Sveinung Nordtveit (Ap), Eva Marie Halvorsen (H), Nils Gjerland (Sp), Norvall Nøringset (SV) som også toppar fylkeslista til partiet. Jostein Kvalsvik toppar fylkeslista til FrP.