Skilletoppknapp fylkesleksikonSkilleNynorsk mediesenter GUL logo toppknapp 115pSkilleLokalradio på internett toppknappSkille_slutt
Val 2003 Sogn og Fjordane 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Val 2003 Sogn og Fjordane
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
NRK SOGN OG FJORDANE I LYD OG BILETE
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100,
6800 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42
Distriktsredaktør

 

Fjaler

Jan Ulltang er ordførar i Fjaler
Jan Ulltang er ordførar i Fjaler

Sjå valresultatet for Fjaler


Publisert 14.05.2003 08:32. Oppdatert 14.09.2003 22:15.
Innbyggjarar: 2.936
Tid for endeleg resultat:
Leiar for valstyret: Jan Ulltang

Politisk karakteristikk:

Fjaler er ein kommune der Sp og Ap ofte har skifta på å ha ordføraren. Saman har dei to partia fleirtal i kommunestyret. Men kven som får vervet etter haustens val, er uvisst. Fleire parti har lansert sine ordførarkandidatar, og skifte av politiske samarbeidspartnarar kan fort opne vegen for andre enn dagens ordførar.

Politisk situasjon:

Jan Ulltang, Sp, er ordførar i Fjaler. Han tok over vervet 1. august 2002 etter at den førre ordføraren, Arne Kyrkjebø frå Ap, vart tilsett som rådmann. Etter litt dragkamp vart dåverande varaordførar Ulltang vald til ordførar.
Arve Helle ønskjer ordførarjobben.
Han fekk støtte frå Sp, Ap, og SV. Arve Helle, Ap, vart ny varaordførar. Ulltang har sagt at han gjerne vil halde fram som ordførar, men han får hard konkurranse frå følgjande førstekandidatar: Arve Helle, Ap, Kåre Solheim, H, Gudmund Solheim, V, Erling Hjelle, SV og Hans Stav, KrF.

Aktuelle saker:

Fjaler er ikkje herja av dei store politiske stridssakene for tida. Debatten rundt flyttinga av nokre klassar frå Hellevik til Våge skule har stilna. Derimot vil nok kampen for å få bygt Dalsfjordbrua halde fram med full styrke. Målet no er å få bygt brua ved hjelp av bl.a. ferjeavløysingsmidlar og bompengar. Manglande lovnader om midlar til brubygging førte til at planane om kommunesamanslåing med Hyllestad og Askvoll vart lagt på is.

Ei anna viktig sak for Fjaler vert arbeidet med planane om å byggje gasskraftverk på Lutelandet. Elles er det venta at den tronge kommuneøkonomien igjen vil føre til debatt om Fjaler sin aksjepost i Sunnfjord Energi. Aksjane er i dag verdt mellom 80-90 millionar kroner. Men dette vert neppe eit valkamptema.

Kommunestyret 1999-2003:

Fjaler kommunestyre har 23 medlemmer: 6 Sp, 5 H, 7 Ap, 2 KrF, 2 V og 1 SV.

Lister 2003:

6 lister: Ap, H, Sp, KrF, SV og V.

Aktuelle politikarar:

Jan Ulltang, Sp, Arve Helle, Ap og Kåre Solheim, H. Arve Helle står på 11. plass på Ap si valliste til fylkestingvalet.


VALLISTER 2003 I FJALER 
Sosialistisk Venstreparti i Fjaler
Høgre i Fjaler
Arbeidarpartiet i Fjaler
Kristeleg Folkeparti i Fjaler
Senterpartiet i Fjaler
Venstre i Fjaler
LENKER

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 

Ordførarkabalane er lagt

Ordførarkabalen er klar i alle kommunane i fylket. Her kan du få oversikten over alle kommunestyra og ordførarar i fylket etter valet i haust.
LES OM VALET I KOMMUNEN DIN

Alle artiklane frå Val 2003

Her kan du sjå den oppdaterte lista over alle artiklane frå valet 2003 i Sogn og Fjordane (klikk "Meir"):

Skråblikk på valet

Det er som oftast røynde, gråspetta menn som meiner og synsar når det er valkamp og val. Vi ba den yngste jenta i redaksjonen vår om å ha skråblikk på valkampen.

Eit spørsmål om å vere interessant

Då staten tok over sjukehusa mista fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane sitt beste virkemiddel for å gjere seg interessante for folk flest i fylket. Det store spørsmålet er korleis dei skal gjere seg interessante i framtida.

Møt politikarane på internett

Nettmøta kan du følgje direkte på valsidene våre på internett. Svara frå politikarane finn du etterkvart her.

Heimesidene til partilaga

Her finn du lenkjer til dei politiske partia som stiller lister i Sogn og Fjordane.

Kommune- og fylkestingsval 15. september

Kommune- og fylkestingsvalet i 2003 skal haldast måndag 15. september. På desse sidene kjem artiklar frå Sogn og Fjordane om valet. Framfor valet er det gjort ei rekkje endringar i Vallova:
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no