Innbyggjarar: 5762
Tid for resultat: 23.00
Leiar i valgstyret: Kristen Hundeide
Politisk karakteristikk
Konstellasjonen H, V, Ap og SV har styrt i to og ein halv periode med Høgre sin Kristen Hundeide som ordførar. No gir han seg, og det er duka for ordførarskifte. Også tradisjonelt sterk Senterparti-kommune.
Politisk situasjon
Ordførar Kristen Hundeide frå Høgre tek ikkje attval og skal tilbake til det private næringslivet. Han og Høgre har gjort to gode val og har kapra ordføraren i konstellasjonen med V, Ap og SV.
Toril Fjørtoft tek over som listetopp frå Høgre, men dersom samarbeidet med dei andre partia held fram, skal det i år vere vanskeleg å kome utanom Gunvald Ludvigsen (V) som ordførar. Direktøren på Nordfjord sjukehus har røynsle både som politikar og leiar. Så sjølv om Venstre åleine ikkje er den største utfordraren, er det godt mulig at partiet får ordføraren for det. Høgre kan også få merke regjeringslitasje.
Største utfordraren er nok veteranen Kari Laila Skrede (Sp). Etter å ha stått på andreplass for fire år sidan, går ho inn for ordførarvervet i år. Inneverande periode har Sp vore det nest største partiet i Eid, og Skrede er dermed å sjå på som ein seriøs utfordrar til ordførarvervet. Ho kan dermed bli den første kvinnelege ordføraren i Eid nokon sinne.
For Ap er Sonja Edvardsen på topp, Torfinn Myklebust for KrF, Lars Svein Drabløs for FrP og Jørgen Bergset for SV.
Aktuelle saker
Som i mange andre kommunar er det ei utfordring å finne ein rasjonell måte å drive kommunen på. Kommunesamarbeid eller samanslåing kan vere aktuelt i komande periode. Debatt om skulestruktur kan det bli og ikkje minst krangel om eigedomsskatten. Venstre ville ha skatt ved førre budsjetthandsaming, Sp og H villle ikkje ha. Å skape ny vekst i Eid blir viktig etter å ha mista meieriet, slakteriet og delar av skipsverftet.
Kommunestyret 1999-03:
Eid kommunestyre har 33 medlemmer: 4 AP, 2 FrP, 10 H, 2 KrF, 9 SP, 2 SV, 4 V. I neste periode kjem det til å vere 29 medlemmer i kommunestyret.
Lister 2003:
7 lister i Eid: AP, FrP, H, KrF, SP, SV, V.
Aktuelle politikarar
Gunnvald Ludviksen (V), Kari Laila Skrede (Sp), Toril Fjørtoft (H), Sonja Edvardsen (Ap) og Lars Svein Drabløs (FrP)