Innbyggarar: 4 077
Tid for resultat: omlag kl: 2330
Leiar i valstyret: Einar Kjerpeseth
Politisk karakteristikk
Skiftande politiske tilhøve i Bremanger. Siste to periodane har Sp hatt ordføraren.
Politisk situasjon
Einar Kjerpeseth går på att som ordførarkandidat for Senterpartiet. Saman med Høgre, Venstre og KrF har dei samarbeidd om ordføraren dei siste 16 åra. Spørsmålet er om Arbeidarpartiet i år klarer å bryte den konstellasjonen, kanskje i samarbeid med SV som stille liste i år i håp om ein Heidi Grande Røys-effekt. Ap sin toppkandidat ved førre val, John-Ove Bratseth, seier han ikkje har tid til politikk meir og Kåre Olav Svarstad prøver seg no for Ap. Ap har faktisk ikkje vore særleg sterke i Svelgen dei seinare åra, men i år har dei klubbformannen ved Elkem på 5. plass på lista. Gjer Ap eit like godt val som sist og SV slår bra an, kan det vere duka for ordførarskifte i Bremanger. Det kan det også bli innad i samarbeidet mellom H, V, KrF og Sp. Gamle-ordføraren Roar Førde går på att for Høgre og er ein utfordrar til Kjerpeseth.
Motsetningane mellom bygdene har ofte vore store i Bremanger, og ein skal ikkje sjå vekk i frå at striden om plasseringa av sjukeheimen framleis sit att hos veljarane. Før førre val vart det bestemt at det skulle byggast ny sjukeheim på Hauge, men det nye kommunestyret snudde og bygde heller påbygg på den eksisterande heimen i Kalvåg. No ligg det an til overskridingar på i verste fall 10 millionar kroner. Striden hadde innverknad på førre val og vil kanskje ha det i år også.
FrP stiller til val med ferske Sylvi Løvseth på topp. Førre gong dei stilte liste var for åtte år sidan, og klarer dei å få nokon inn no, vert det første gong det skjer i Bremanger. Elles står Kåre Jarl Langeland på topp for V, Tore Myklebust for KrF og Isak Berle for SV.
Aktuelle saker
Bremanger får ei stor utfordring når omstillingsmidlane forsvinn ved årskiftet. Då må dei klare seg på same måte som andre kommunar. Med eit bein i fiskeindustrien og eit i tungindustrien balanserer kommunen på oppgangar og nedgangar der. Arbeidarpartiet meiner økonomistyringa ikkje er god nok i dag og vil ta over og gjere noko med det.
|
Bremangerlandet er no landfast, men del to i Bremangersambandet blir ei kampsak. |
Del to av Bremangersambandet er enno ikkje finansiert og blir ei viktig oppgåve for det nye kommunestyret å presse gjennom.
På same måte som med vedtaket om sjukeheimen før førre val, er det nyleg vedteke å bygge fleirbrukshall på Hauge. Sist vart veljarane på Hauge lurt, og dei kjem nok til å velje slik at fleirbrukshallen kjem. Arbeidarpartiet har det som ei viktig sak på sitt program og kjem nok til å vinne på det.
Kommunestyret 1999-03
Bremanger kommunestyre har 23 medlemmer: 9 Ap, 6 H, 2 KrF, 5 Sp og 1 V.
Lister 2003
7 lister : Ap, H, KrF, Sp, V, SV og FrP.
Aktuelle politikere
Einar Kjerpeseth (Sp), Roar Førde (H) og Kåre Olav Svarstad (Ap).