Skilletoppknapp fylkesleksikonSkilleNynorsk mediesenter GUL logo toppknapp 115pSkilleLokalradio på internett toppknappSkille_slutt
Val 2003 Sogn og Fjordane 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Val 2003 Sogn og Fjordane
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
NRK SOGN OG FJORDANE I LYD OG BILETE
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100,
6800 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42
Distriktsredaktør

 

Balestrand

Åse Kari Einevoll er ordførar i Balestrand
Åse Kari Einevoll er ordførar i Balestrand

Sjå valresultatet for Balestrand


Publisert 14.05.2003 08:31. Oppdatert 14.09.2003 21:47.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Innbyggjarar : 1 505
tid for resultat : 22.30
Leiar i valstyret : Åse Kari Einevoll

Politisk karakteristikk

Balestrand har gått frå å vere ein tradisjonell Sp-kommune til å bli ein god kommune for Venstre. Partiet har hatt ordføraren sidan 1995, og det er sannsynleg at Åse Kari Einevoll held fram også etter valet i haust. Den einaste utfordraren er KrF-veteranen Erland Fagermoen, som gjev seg i fylkespolitikken og kjem att i kommunepolitikken, etter å ha vore ute siste perioden.

Det er Venstre, KrF og Ap som har samarbeidd om konstitueringa i Balestrand etter dei to siste kommunevala. Ved valet i 1999 gjorde Venstre eit svært godt val, og fekk 6 representantar. Det skal godt gjerast å halde på den posisjonen etter åtte års maktslitasje. Varaordførar i Balestrand er Kari Maria R. Fjærestad, Ap.

Politisk situasjon

Overføringa av Fjærland til Sogndal førde ikkje til store endringar ved siste val.
Ved dei seinare vala har SV/RV samarbeidd om liste, men ikkje i år. No stiller SV med eiga liste. I motsetning til i mange andre kommunar stiller mange av kommunestyremedlemmene i Balestrand på att.

Desse står på fyrsteplass på kommunevallistene i år: Åse Kari Einevoll, Venstre, Erland Fagermoen, KrF, Odd Atle Linde, Ap, Ragnar J. Urtegård Thue, Høgre, Jarle Midttun, Sp og Helge Pedersen, SV.

Aktuelle saker

Balestrand kommunestyre vedtok i mai å omarbeide planane for Balestrand Nye Helsetun, for å få eit billegare bygg. Vedtaket vart gjort med 9 mot 8 røyster. Det var Venstre som ivra for ei billegare utbygging, og fekk støtte frå ein frå Sp, ein frå Høgre og SV/RV. Det sitjande kommunestyre kjem til å behandle ferdig saka om helsetunet, og bygget må bli ferdig i løpet av 2005 for at kommunen skal behalde statstilskotet.

Dei siste åra har Balestrand kommune kutta mykje for å få tenestetilbodet i samsvar med inntektene. I 2001 vart det kutta 13 årsverk, i 2002 heile 20 årsverk. Dette er nærmare 10 % av det totale talet tilsette, og det merkast.
Balestrand kommune har i 2003 eit oppsamla underskot på 15,7 mill. kroner.

Kommunestyret 1999-2003:

Balestrand kommunestyre har 17 medlemmer; Ap 4, H 2, KrF 2, Sp 2 , SV/RV 1 og Venstre 6 repr.

Lister 2003:

Ap, H, KrF, Sp, SV og Venstre

Aktuelle politikarar:

Når no Erland Fagermoen trekkjer seg frå fylkestinget etter mange år er det ingen frå Balestrand på sikker plass til fylkestingsvalet. Balestrand kjem ikkje til å få representantar i det neste fylkestinget.



VALLISTER 2003 I BALESTRAND 
Venstre i Balestrand
Senterpartiet i Balestrand
Høgre i Balestrand
Arbeidarpartiet i Balestrand
Kristeleg Folkeparti i Balestrand
Sosialistisk Venstreparti i Balestrand
LENKER

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 

Ordførarkabalane er lagt

Ordførarkabalen er klar i alle kommunane i fylket. Her kan du få oversikten over alle kommunestyra og ordførarar i fylket etter valet i haust.
LES OM VALET I KOMMUNEN DIN

Alle artiklane frå Val 2003

Her kan du sjå den oppdaterte lista over alle artiklane frå valet 2003 i Sogn og Fjordane (klikk "Meir"):

Skråblikk på valet

Det er som oftast røynde, gråspetta menn som meiner og synsar når det er valkamp og val. Vi ba den yngste jenta i redaksjonen vår om å ha skråblikk på valkampen.

Eit spørsmål om å vere interessant

Då staten tok over sjukehusa mista fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane sitt beste virkemiddel for å gjere seg interessante for folk flest i fylket. Det store spørsmålet er korleis dei skal gjere seg interessante i framtida.

Møt politikarane på internett

Nettmøta kan du følgje direkte på valsidene våre på internett. Svara frå politikarane finn du etterkvart her.

Heimesidene til partilaga

Her finn du lenkjer til dei politiske partia som stiller lister i Sogn og Fjordane.

Kommune- og fylkestingsval 15. september

Kommune- og fylkestingsvalet i 2003 skal haldast måndag 15. september. På desse sidene kjem artiklar frå Sogn og Fjordane om valet. Framfor valet er det gjort ei rekkje endringar i Vallova:
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no