Innbyggjarar: 3293
Tid for resultat: kl 24.00
Poststemmer: kl 21.00
Leiar i valstyret: Kjellaug Veivåg Høyvik
Politisk karakteristikk:
Sterk Sp-kommune. Politisk stabile tilhøve.
Politisk situasjon:
Kjellaug Veivåg Høyvik har vore ordførar sidan 1993. Ho tok over då partifelle Jorunn Ringstad kom inn på Stortinget. Veivåg Høyvik stiller ikkje opp igjen til haustens val. Etter 10 år som ordførar og totalt 16 år i lokalpolitikken meiner ho det er på tide å gje seg.
Kven som vert ny ordførar etter Veivåg Høyvik er ope. Mest truleg vil fleire av listetoppane kjempe om vervet. Førstekandidatane i Askvoll er: Bjørn Arne Mjåseth, Sp, Aud Kari Steinsland, Ap, Onar Osland, H, Arne Fedøy, KrF, Rolf Losnegård, SV, Gunnar Osland, V, Tore Hillersøy, FrP og Dagfinn Alisøy, Kystpartiet.
Varaordførar i dag er Jan Magne Kaland, Ap.
Aktuelle saker:
|
Med mange øyer er samferdsla viktig i Askvoll-politikken. |
Samferdsle er viktig sak i Askvoll. Eit evigvarande stridstema er om ein skal satse på Dalsfjordbrua eller ruste opp riksveg 609. Fastlandssamband til Atløy og betre ferje- og båtruter til øyane er andre viktige krav som engasjerer. Desse sakene vil heilt sikkert også prege kommunepolitikken i åra som kjem.
|
Holmedal skule vart lagd ned. |
Elles har også Askvoll bak seg ein heftig skulestrid, som enda med at Holmedal skule vart nedlagt. No har dagens formannskap sagt at dei vil ha ro rundt skulestrukturen, men tronge budsjett kan føre til at debatten om talet på skular dukkar opp igjen om politikarane vil eller ikkje.
Også kampen mot fråflytting, forsvare dagens tenestetilbod og tilrettelegging for nye arbeidsplassar er viktige saker i Askvoll, som i dei fleste utkantkommunar.
Kommunestyret 1999-2003
Askvoll kommunestyre har 23 medlemmer: 7 Sp, 5 Ap, 4 H, 4 V, 2 KrF og 1 SV.
Lister 2003
8 lister; Sp, Ap, H, V, KrF, SV, FrP og Kystpartiet.
Aktuelle politikarar
Kjellaug Veivåg Høyvik, Sp. Ho står og på 7. plass på Senterpartiet si liste til fylkestingvalet. Per Arne Tveit står på 5. plass på SV si liste til fylkestingvalet. På Stortinget: Jorunn Ringstad, Sp.