Av
Tone Merete Tho
NRK kåra den eldste campingvogna
70 år gammal badedrakt
65 somrar på same stad
Lastebil frå 1952
Trass i at han har vore påkjørt ein gong, og at han faktisk har blitt heile 23 år, så lever Pusur frå Tolga i beste velgåande.
Men matmot Agnes Rønning lyt innrømme at han har tapt seg litt med åra.
Held seg godt
Pusur er svart og kvit, og er ein pen katt.
- Han ligg og søv mykje, og er ikkje like glad i barn lenger, seier Astrid Rønning. Men ho tykkjer Pusur held seg godt likevel.
- Og han er framleis ute om natta, smilar ho.
|
NRK Hedmark og Oppland har kåra den eldste katten i Innlandet. Og vi har ny kåring kvar veke. (Illustrasjonsfoto) |
Over 30 ringte
Frå måndag til onsdag i veke 30, strøymde telefonane med gamle katter inn. Over 30 katteeigarar ringte, og svært mange av kattane var rundt 16-17 år gamle. Men det var også ein del som hadde fylt 20 år, noko som er ganske gammalt til katt å vera.
Inger Marie Kvalen på Gjøvik, for eksempel, har katten Monsemann som er 20 år. Per Magnus Engen frå Hadeland har ein katt som vart 20 år i vår, og Berit Bergersen frå Kongsvinger har ein katt som vart 20 år i mai.
Vi har også hatt ein prat med Astrid Gulbrandsen frå Nord Odal som hadde ein katt som var 25 år. Men sidan katten dessverre døydde i mai, kunne den ikkje vera med i konkurransen.
Ny kåring
Ingen klarte å matche alderen til hannkatten frå Vingelen.
Pusur veit ikkje sjølv at han har vunne konkurransa om å bli den eldste katten i Innlandet, og for å vera heilt ærleg så trur ikkje Astrid Rønning at han ville ha skjønt mykje av det heller..
Pusur vinn heider, ære og eit stort, kvitt og mjukt badehandkle frå NRK Hedmark og Oppland.
Kvar måndag lanserar vi ei ny kåring, så følg med!