skillePuls TV på nettskilleStemmer fra arkivetskillemobil banner 115 x 55skille_slutt
Styrk live 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Styrk Sist oppdatert 08:03
 
 
Ny chatvert

Chat med Yasmin

Ynskjer du å chatte med meg eller min gjest?
Skriv; STUDIO og send til 2008.

Publisert 27.08.2003 16:52. Oppdatert 28.10.2003 14:47.

"Chat Noir"

I fjor vart me kjent med Yasmin Syed (36) som vorspielvert på NRK 2. I år har ho skifta beite frå snakkande til skrivande vert. Yasmin tek over chattestolen etter nestenpresten Knut. Kvar sundag vil ho ha med seg ein ny chatte-gjest som er vel kjent med programtema.

Yasmin har vakse opp i dei indre og øvre deler av Telemark. Her var det nok å drive med så lenge ein held seg til ski, fotball, musikkorps eller folkemusikk. Teatergrupper var mangelvare og det var ikkje før ho flytta til Skien at Finn Kvalem gav ho innpass i Telemark Teater (no Teater Ibsen). Seinare vart det teater- og song studiar i USA før ho kom heim til eit liv bak kulissene – trudde ho.

Til filmen

Type casting heiter det når nokon ser ut og snakkar rette dialekta for ein spesiell rolle. Etter fleire statist-oppdrag fekk Yasmin ei av hovudrollene i filmen ”Halvveis til Haugesund” (1997). Handlinga gjekk føre seg i øvre deler av Telemark og den kvinnelege rollefiguren skulle vera mørk og snakke dialekt. Resultat? Terningkast 4 etter den fyrste visninga på filmfestivalen i Haugesund.

Etter dette fylgde ein telefon frå NRK Telemark med eit tilbod om jobb som radio-reportar. Dette var nytt for henne, og heilt naturleg å takke ja til. Etter nokre månader her hadde ho medie-erfaring.

Og så tv

Den fyrste norsk produsera såpeoperaen vart den kalla, ”Familiesagaen de syv søstre”, og TV2 (hysj!) heit kanalen. Oppdraget var politioverkontabel. Bilete av Yasmin i politiuniform kan bestillast – det gjeld bare å gjette seg til kvar.

I NRK1 fekk Yasmin jobb som kanalvert, noko ho trivdes godt med heilt til dot.com og svøpte sine web-trådar rundt henne. Ho vart programleiar, laga 150 sendingar retta mot it-bedriftar, og vart etterkvart ein ekspert på tekniske duppedingsar.

Vil du vite meir om Yasmin kan du gå inn på web-sidene hennar Yasmin Syed eller du kan chatte med henne kvar sundag fram til jol på Styrk Live!

LENKER
Yasmin Syed Yasmin Syed

 
Styrk i avspiller
Chat med Yasmin
- Modige gjester!
20 SISTE STYRK LIVE
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no