skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Fem USA-soldatar drepne i Irak

Det er mykje uro i Ramadi-området. Dette biletet er teke etter eit amerikansk luftangrep mot byen for nokre dagar sidan. (Foto: Reuters/Scanpix
Det er mykje uro i Ramadi-området. Dette biletet er teke etter eit amerikansk luftangrep mot byen for nokre dagar sidan. (Foto: Reuters/Scanpix
Fem amerikanske soldatar vart drepne då ei bombe gjekk av like ved bilen dei køyrde i Ramadi i Irak i går, opplyser den amerikanske hæren.

Publisert 16.10.2005 14:39. Oppdatert 16.10.2005 15:53.
Av Bent J. Tandstad

Soldatane tilhøyrde Det 2. amerikanske marinekorpset, heiter det i ei kunngjering.

Uroleg område

Ramadi ligg den urolege Anbar-provinsen i det vestelege Irak, eit hovudsakleg sunnimuslimsk område der det gamle regimet til Saddam Hussein har sterk støtte.

Folkerøystinga i går ser ut til å gi fleirtal for den nye grunnlova. Her sikrar ein irakisk soldat transporten av valurner. (Foto: AFP/Scanpix)
Det har vore fleire angep mot amerikanske militærkolonnar i dette området tidlegare, og mange soldatar har mist livet.

Minst 1970 amerikanske soldatar har mist livet i Irak sidan invasjonen i mars 2003.

Truleg ja

Det var folkerøysting om den nye grunnlova i Irak i går, men valdeltakinga var svært låg i Ramadi. Dette på grunn av at det går føre seg kampar mellom amerikanske og irakiske soldatar og sunnimuslimske opprørarar i byen.

Trass i stor motstand mot den nye grunnlova frå dei sunnimuslimske innbyggjarane i Irak, ser det ut til at det vart fleirtal for grunnlova i folkerøystinga i går.

I dei sjiamuslimske områda i sør og dei kurdiske områda nord i Irak er det stort fleirtal for den nye grunnlova.

USAs utanriksminister Condoleezza Rice sa tidlegare i dag at det verka som om det var eit klart fleirtal for grunnlovsforslaget.

Marginalisert

Motstanden mot den nye grunnlova blant dei sunnimuslimske innbyggjarane skuldast først og fremst frykt for å bli politisk marginalisert. Under regimet til Saddam Hussein hadde denne gruppa ein god del privilegiar, og mange er redde for at den nye grunnlova kan føre til at dei vil bli totalt underkasta sjia-fleirtalet.

Styresmaktene meiner at forslaget til ny grunnlov er tilpassa det reelle styrkeforholdet mellom folkegruppene i landet, og at ingen skal ha rett til å undertrykkje andre grupper. (NRK-AFP-Reuters)




Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no