Minst 10 menneske vart drepne i ein sjølvmordsaksjon like ved det irakiske oljedepartementet i Bagdad i føremiddag.
Minst åtte andre vart skadde i angrepet, der ein bil vart sprengt i lufta på ein parkeringsplass like utanfor bygningen til oljedepartementet.
Bilen vart køyrt inn i ei gruppe menneske som heldt på å gå om bord i ein buss.
Ei kjelde i politiet seier at alle dei drepne og skadde var tilsette i oljedepartementet, medan ei annan politikjelde seier at alle var tilsette ved ein politiskule i nærleiken.
På hovudvegen mellom Bagdad og den nordlege oljebyen Kirkuk vart fem tilsette i oljedepartementet drepne. Ei gruppe væpna menn skaug dei fem i Uthaim sør for Kirkuk.
Tidlegare i dag køyrde ein sjølvmordsbombar ein bil inn i ei kolonne av tre pansra køyrety i sentruum av byen. Minst åtte sivile irakarar vart skadde.