Av
Bent J. Tandstad
|
Ali Belaroussi var leiande algerisk utsending til Irak. (Foto: AFP/Scanpix) |
Først vart ei melding lagt ut på ei islamistisk nettiside som ofte bir brukt av Al Qaida i Irak. Seinare i ettermiddag la gruppa også ut ein video av dei to algeriske diplomatane.
Den rettferdige domstolen til organisasjonen Al Qaida i Irak har dømd dei diplomatiske utsendingane til den fråfalne algeriske regjeringa til døden, heiter det i meldinga frå gruppa, som blir leidd av jordanskfødde Abu Musab al-Zarkawi.
Dette er lagnaden til alle ambassadørar og utsendingar frå alle vantru regjeringar, heiter det vidare.
Ali Belaroussi og Azzedine Belkadi vart bortførte av væpna menn sist torsdag.
Al Qaida i Irak bortførte og drap tidlegare denne måten den egyptiske utsendinga til Irak, Ihab el-Sherif.
I tillegg står gruppa bak mislukka attentat på dei diplomatiske utsendingane frå Pakistan og Bahrain.
Fleire land, blant dei Algerie, har no sendt alle sine diplomatar heim frå Irak.