skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Zarqawi seier han er lettare såra

Det som skal vere Al Qaida-leiaren i Irak, Abu Musab al Zarqawi, vedgår på eit lydbandopptak at han er såra, men avviser at skadane var alvorlege.

Publisert 30.05.2005 21:31. Oppdatert 30.05.2005 21:53.
Av Bent J. Tandstad

Abu Musab al Zarqawi er leiar for Al Qaida i Irak. (AP/Scanpix)
Lydbandopptaket vart lagt ut på ei islamistisk side på Internett i kveld, marknadsført som ei viktig melding til sjølvaste Al Qaida-sjefen, Osama bin Laden.

- Når det gjeld meldingane om at eg er alvorleg såra, så vil eg forsikre deg om at dette berre er lause rykte. Men eg har vore lettare såra, seier røysta i opptaket.

- Eg er for tida saman med brørne mine og folket mitt i landet Mesepotamia, der eg deltek i kampar mot krossfararane og fiendar av islam, heiter det vidare.

Mesopotamia er eit gammalt namn på området mellom dei to elvane Eufrat og Tigris i Irak.

I går kom det meldingar om at Zarqawi hadde flykta, truleg til Iran, for å få behandling på sjukehus. Men dette er basert på rykte, og det har ikkje vore mogleg å få verifisert meldingane. (NRK-AFP)





Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no