skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

75 drepne i Irak-offensiv

75 opprørarar er drepne i dei 24 første timane av ein amerikansk offensiv i Anbar-provinsen i Irak, heiter det i eit amerikansk militært kommuniké.

Publisert 09.05.2005 10:49. Oppdatert 09.05.2005 12:21.
Av Bent J. Tandstad

Den militære offensiven rettar seg mot islamistiske opprørarar og utanlandske krigarar i Anbar-provinsen, nær grensa mot Syria, blir det opplyst.

Det blir brukt både bakkestyrkar og fly i offensiven. Det skal vere fleire utlendingar blant dei drepne, melder det amerikanske forsvaret.

Ein irakisk mann ser på restane av bilen ein sjølvmordsaksjonist sprengde i lufta i Bagdad i dag. Minst fire menneske vart drepne. (Foto: AP/Scanpix)
Det går føre seg harde kampar i Jazira-ørkenen nord for elva Eufrat, eit område dei amerikanske styrkane seier blir brukt som smuglarrrute og gøymestad for utanlandske krigarar.

I Bagdad vart minst tre irakiske politimenn drepne, og åtte vart skadde i ein sjølvmordsaksjon i dag. Ein mann sprengde bilen sin, som var fullasta med sprengstoff, i lufta.

Eksplosjonen var så kraftig at fleire bygningar i området vart øydelagde.

Den amerikanske avisa Washington Post skriv i dag at dei amerikanske styrkane i Irak no fokuserer meir på irakiske ekstremistar og utanlandske krigarar, og ikkje så mykje på til hengjararane av det avsette regimet til Saddam Hussein.

Årsaka er den kraftige auken i talet på sjølvmordsangrep, som det amerikanske forsvaret meiner blir utførde av islamistiske grupper. (NRK-AFP)


Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no