|
Opprørarar gjer seg klar til å angripe ein ameriansk base i Rarmadi. (Foto: AP/Scanpix) |
Av
Bent J. Tandstad
Angrepet på den amerikanske konvoien skjedde ved 13.30-tida norsk tid. Ein irakisk politimann, Abdul al-Kadder Mohammed, seier til nyheitsbyrået Reuters at ein sjølvmordsbombar køyrde inn i ein av bilane.
Augevitne fortel at fleire amerikanske soldatar er drepne, og at minst tre irakiske sivile er skadde. Den amerikanske hæren har ikkje kommentert hendinga.
Tidlegare i dag vart to britiske soldatar drepne like ved byen Basra i det sørlege Irak. Ei gruppe gjekk til åtak på ein britisk militærkonvoi, og ein pansra Land Rover vart sprengd i lufta.
Medan arbeidet var i gang med å evakuere dei såra, så vart konvoien angripen på nytt. Det var i dette angrepet dei to britiske soldatane vart drepne, melder nyheitsbyrået AFP.
Det har vore kampar fleire stader i Irak i dag, blant anna i hovudstaden Bagdad. I Haifa-gata i sentrum av byen var det skyting mellom opprørarar og amerikanske soldatar. Det er ikkje meldt om drepne i desse kampane.
Før skotvekslinga vart det skote med granatar og rakettar mot den såkalla grøne sona, der den amerikanske og den irakiske administrasjonen har sine hovudkvarter.