Storbritannias ambassadør i Italia, Sir Ivor Roberts, har skapt røre, etter at han i eit lukka møte sa at George Bush er Al Qaidas beste rekrutteringsoffiser.
Av
Bent J. Tandstad
Sir Ivor kom med karakteristikken av USAs president George W. Bush på ein lukka britisk-italiensk konferanse i Toscana denne helga.
Den italienske avisa Corriera della Sera skriv at den britiske ambassadøren sa at den som ville ha mest grunn til å juble for eit gjenval av George W. Bush, er terrornettverket Al Qaida. Han sa også at Bush er Al Qaidas beste rekrutteringsoffiser.
Den britiske ambassaden i Roma har avvist å kommentere det som har kome fram, og viser til ei semje mellom italienske og britiske styresmakter om at ingenting som vart sagt på konferansen skulle offentleggjerast.
Storbritannia blir rekna som USAs næraste allierte i Europa, men det har førebels ikkje kome reaksjonar frå amerikanske styresmakter på utsegnene til den erfarne britiske toppdiplomaten.
Førebels har berre den profilerte sjefredaktøren for den italienske avisa Il Foglio, Giuliano Ferrara, reagert på den britiske ambassadøren. Han har avlyst ein middagsavtale med Sir Ivor.