skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Seks USA-soldater drepne i Irak

Seks amerikanske soldatar vart drepne i eit angrep på ei militærkolonne i Falluja i Irak. (Foto: Reuters/Scanpix)
Seks amerikanske soldatar vart drepne i eit angrep på ei militærkolonne i Falluja i Irak. (Foto: Reuters/Scanpix)
Minst seks amerikanske spesialsoldatar vart drepne, og fleire andre vart skadde i eit bakhaldsangrep på ei militær kolonne i Falluja i Irak i dag.

Publisert 06.09.2004 11:43. Oppdatert 06.09.2004 13:21.
Av Bent J. Tandstad

Falluja er eit kjerneområde for opprørarar som kjempar mot dei amerikanske styrkane i Irak.

Ein korrespondent for det franske nyheitsbyrået AFP har har snakka med augevitne til angrepet. Dei kan fortelje at minst seks soldatar er drepne, og at åtte er skadde.

Amerikanske militære kjelder stadfestar talet på drepne, men seier at talet på skadde kan vere høgare enn åtte.

Vitna fortel at to amerikanske militærkøyrety stod i brann etter ein kraftig eksplosjon. Amerikanske helikopter frakta drepne og skadde bort frå staden.

Falluja ligg rundt 50 kilometer vest for Bagdad, og området rundt byen blir i stor grad kontrollert av opprørsstyrkar.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no