Av
Bent J. Tandstad
Kampane held fram i Najaf, som er heilag for sjiamuslimane. Den ytterleggåande religiøse leiaren Moqtada al-Sadr oppmoda tilhengjarane sine til å halde fram kampen mot amerikanarane, også om han skulle bli drepen eller teken til fange.
- Hald fram kampen også om eg blir fange eller martyr, heiter det i ei fråsegn frå al-Sadr.
Opprørarar som er lojale til al-Sadr kjempar mot amerikanske soldatar sjsuande dagen på rad. I går omringa amerikanarane området rundt moskeen og gravplassen der opprørarane har sin tilhaldsstad.
I går kveld angreip dei amerikanske styrkane også med fly, og tidlegare på dagen oppmoda dei alle sivile til å evakuere bydelen der kampane går føre seg. Dette vart tolka som at USA planlegg eit stormangrep mot opprørssoldatane, som går under namnet Mehdi-militsen.
Minst seks irakarar er drepne, og 10 er skadde etter at ei bombe eksploderte på ein marknadsplass i landsbyen Khan Bani Ssaad, rundt 40 kilometer nord for hovudsstaden Bagdad.
|
Sja-opprørarar i Mehdi-militsen under ein pause i kampane. (Foto. AFP/Scanpix) |
I byen Amara sør i Irak skal 20 menneske vere drepne i kampar mellom britiske styrkar og sjiamuslimske opprørarar, opplyser lokale sjukehuskjelder til nyheitsbyrået AFP. Over 30 menneske skal vere skadde, fleire av dei born.
Dei britiske soldatane gjekk til angrep på ei gruppe opprørarar seint i går kveld. Ein britisk talsmann, major Ian Clooney, seier at dei sette inn eit målretta og presist angrep på opprørarane. Han kan ikkje seie noko om kor mange som er skadde eller drepne i kampane.