skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

- Avhøyr over streken

Skuldingane mot danske etterretningsoffiserar om overgrep mot irakiske fangar er meir omfattande enn tidlegare kjent, skriv den danske avisa Politiken. Tolken som har meldt frå om saka, meiner forhøyra gjekk over streken.

Publisert 06.08.2004 11:40.
Av Tor Helge Haugland
SIKTA: Annemarte Hommel er sikta for å ha brukt ulovlege avhøyrsmetodar i Irak. Ho nektar sjølv for å ha gjort noko ulovleg. (Foto: AP Photo/Lars Skaaing, Polfoto)


Den sivile tolken som har meldt inn overgrep og mishandlingar mot irakiske fangar i den danske militærleiren Camp Eden, ville ikkje akseptere den umenneskelege behandlinga.

Derfor melde han frå om handlingane til etterretningsoffiser Annemette Hommel.

- Det eg såg i Camp Eden, var over streken. Det er ikkje i samsvar med våre verdiar i Danmark, og som danske måtte eg reagere, seier tolken.

- Eg ønskjer ikkje å straffe nokon, og eg har gitt det vidare til sjefane. Så får dei ta stilling til kva som er rett eller gale, seier han til Politiken.

Teieplikt

Han ønskjer å vere anonym og understrekar, at han har teiepligt og vil derfor ikkje fortelje om konkrete hendingar.

Den kvinnelege kapteinen, Annemette Hommel, er sikta for bruk av ulovlege avhøyrsmetodar, og det såkalla Auditørkorpset i det danske forsvaret undersøkjer om fleire danske soldatar skal siktast i saka.

Fire overgrep

Forsvarets Auditørkorps skreiv i går i ei pressemelding at saka gjeld fire overgrep under avhøyr av irakarar i perioden mars-juni i år.

Det blir særleg understreka at irakarane blei "tvungne til å innta stressande og etter kvart smertefulle stillingar, og haldne fast i desse stillingane med fysisk makt".

Dessutan skal fangane "i eit visst omfang vere nekta tilgang til føde og vatn, samt toalett i samband med avhøyra", heiter det.

Det blir også opplyst at fangane blei "verbalt audmjuka" ved å bli tiltalte med ord som er nedverdigane for muslimar.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no