skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Irak ber FN om hjelp

Det irakiske styringsrådet ber FN om hjelp til å setje saman ei interimregjering i landet før 30. juni, opplyser den britiske FN-ambassadøren.

Publisert 17.03.2004 17:16.
Av Bent J. Tandstad

Den britiske FN-ambassadøren, Emyr Jones Parry, seier at styringsrådet vart samde om å invitere FN tilbake til Irak på eit møte i dag.

I går sa FN-diplomaten Lakhdar Brahimi at den mektige sjiamuslimske leiaren ayaatolla Ali al-Sistani har gjort det klart at han ynskjer FN tilbake i Irak.

Ayatollaen distanserer seg også frå kritikken som har vore retta mot Brahimi og FN, og som for det meste har kome frå Ahmed Calabi, ein medlem av styringsrådet som har nær kontakt med det amerikanske forsvarsdepartementet.

Brahimi var sist månad leiar for ei gruppe valekspertar som reiste til Irak for å vurdere om det er mogleg å halde val før 30. juni, slik al-Sistani ynskjer. FN-ekspertane konkluderte med at det er trengst minst åtte månader før valet.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no