skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Ny blodig dag i Irak

Seks amerikanske soldatar og to tilsette i fjernsynsstasjonen CNN vart drepne i tre ulike angrep i Irak i dag.

Publisert 27.01.2004 19:12. Oppdatert 27.01.2004 22:14.
Det var har vore ein ny blodig dag i Irak. I Khaldiya-området vart tre amerikanske soldatar drepne av ei vegbombe. (Foto: AP-Scanpix)


Av Bent J. Tandstad

I kveld vart tre amerikanske soldatar drepne sør for Bagdad då ei bombe eksploderte medan ei kolonne med amerikanske soldatar passerte. Tre andre soldatar vart skadde i angrepet nær byen Iskandariya, vel 50 kilometer sør for den irakiske hovudstaden.

CNN-team

Det var tolken/produsenten Duraid Isa Mohammed og sjåføren Yasser Khatab som vart drepne i angrepet mot to bilar frå CNN. CNN-teamet køyrde i to bilar, på veg tilbake til Bagdad frå eit oppdrag lenger sør i landet. Dei to drepne sat i bil nummer ein.

Fotografen Scott Mc Whinnie, som sat i bilen nummer to, vart skadd av eit skot i hovudet, medan korrespondenten Michael Holmes kom uskadd frå bakhaldsangrepet.

Tidlegare i dag vart tre amerikanske soldatar og ein sivil irakar drepne i ein bombeeksplosjon i Khaldiya-regionen vest for Bagdad. Ei bombe vart utløyst i vegkanten då ei amerikansk militærkolonne passerte.

Bilbombe

Amerikanske soldatar avverga ein eksplosjon utanfor hovudkvarteret til okkupasjonsstyrken i Bagadad, då dei uskadeleggjorde ei bombe på ein parkeringsplass. Bomba var plassert i ein bil som stod parkert på eit område som blir brukt av fok som vitjar det amerikanske hovudkvarteret.

Sist veke vart 25 menneske drepåne då ei bombe eksploderte ved ein av dei andre inngangane til hovudkvarteret.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no