skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

- Dopa og avslørt av nær slektning

- Saddam Hussein vart neddopa og avslørt av ei livvakt, som også er ein nær slektning, skriv ei jordansk avis i dag.

Publisert 18.12.2003 13:21. Oppdatert 18.12.2003 14:30.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Denne hola var skjulestaden til Saddam Hussein før han vart teken til fange. (Foto: AP-scanpix)

Oversiktsbilete over garden der Saddam Hussein gøymde seg. (Foto. AP-Scanpix)


Av Bent J. Tandstad

Den jordanske avisa Al-Arab Al-Yawm identifiserer slektningen og livvakta som general Mohammed Ibrahim Omar al-Muslit. Han skal ha vore fast livvakt for Saddam Hussein heile tida han har vore på flukt frå dei amerikanske styrkane. Han har halde seg ved Saddam si side i heile perioden, og flytta frå gøymestad til gøymestad i Irak med han.

Bindeledd

Avisa skriv at Muslit var var bindeleddet mellom Saddam Hussein og familien hans. Han skal ha fortalt nokre av slektningane om at han hadde planar om å avsløre kvar eks-diktatoren oppheldt seg.

Desse skal ha sagt seg samde i å gjennomføre ein plan om å dope ned Saddam Hussein, for å sikre at dei amerikanske soldatane skulle ta han i live, og heller ikkje ha sjansen til å gjere motstand eller å unngå fella som var lagd for han.

Slik såg Saddam Hussein ut i sine velmaktsdagar. (AP/Scanpix-foto)
Avisa, som siterer kjelder i den amerikanske okkupasjonsstyrken, skriv at det var Muslit sjølv som greidde å dope ned eks-diktatoren i hola utanor Tikrit, som var tilhaldsstaden hans den siste tida før arrestasjonen.

Det er ingen andre kjelder som kan stadfeste eller avvise meldinga i den jordanske avisa.

Slektning

Den amerikanske hæren har ikkje oppgitt noko namn på kven som har samarbeidd med dei for å få has på Saddam Hussein, men det er stadfesta at det er snakk om ein nær slektning.

Det er uklart kvar Ssaddam Hussein blir halden som fange. Det har vore mange spekulasjonar om at han er ført til utlandet, men dette blir avvist av både amerikanske og irakiske kjelder.

I går gjekk ein medlem av det irakiske styringsrådet ut og sa at Saddam vart halden fengsla i nærleiken av Bagdad, og at han skal stillast for ein irakisk domstol.

USAs forsvarsminister Donald Rumsfeld. (Reuters/Scanpix-foto)
USAs forsvarsminister Donald Rumsfeld sa tidlegare denne veka at Saddam Hussein skal avhøyrast av CIA. CIA får stort sett avhøyre sine fangar i fullstendig isolasjon.

Kjelder i CIA seier til New York Times at dette gjer det mogleg for dei å endre dei fysiske omgivnadene der fangane er, slik at dei kan bli forvirra og tru at det er arabiske tryggingstenester som står for avhøyra. Desse er frykta for bruk av tortur, og dette kan leggje eit ekstra press på fangane.

Ikkje tortur

Kjeldene kan ikkje stadfeste at CIA vil bruke denne metoden på Saddam Hussein. Talsmenn for både Pentagon og CIA garanterer at dei ikkje gjer seg bruk av tortur under avhøyr. Dei vil ikkje seie noko om kva metodar dei brukar, men seier at det er velbrukte teknikkar.

Dei legg til at enkelte metodar, som frårøving av søvn, må godkjennast av personar høgt oppe i systemet i Pentagon.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no