skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

28 drepne i Nassiriya

Minst 28 menneske er drepne i eit sjølvmordsangrep på eit italiensk politihovudkvarter i Nassiriya i det sørlege Irak i føremiddag. Rundt 100 skal vere skadde.

Publisert 12.11.2003 10:09. Oppdatert 13.11.2003 08:54.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Bent J. Tandstad

Italias forsvarsminister Antonio Martino opplyser at minst 19 italienarar er drepne og at rundt 20 italienarar er skadde i den doble sjølvmordsaksjonen. Ni av dei døde er irakarar, det er også flesteparten av dei skadde.

Det var to lastebilar lasta med sprengstoff som eksploderte inn i bygningen. (Scanpix-foto)


Lastebil

Fleire italienske politifolk vart stengde inne i ruinane, blir det opplyst, men det er uklart om det framleis er folk i ruinane.

Det som skjedde var at ein tankbil køyrde inn i hovudkvarteret til dei italienske politistyrkane i stor fart. Det var to menn om bord i tankbilen. Den eine skaut mot vaktene, medan den andre køyrde bilen. Tankbilen var truleg utstyrt med ein mekanisme som utløyste eksplosivane i bilen.

Store delar av bygningen vart øydelagd i den kraftige eksplosjonen. Tidlegare vart det meldt at kunne ha vore eit rakettangrep, men dette blir no avvist. Det tok fyr i fleire køyrety utanfor politihovudkvarteret i Nassiriya, blir det opplyst. Også eit ammunisjonslager gjekk i lufta. Angrepet skjedde klokka 08.40 norsk tid.

Forsvarsminister Antonio Martino seier at soldatar som er lojale mot den tidlegare irakiske presidenten Saddam Hussein er ansvarlege for sjølvmordsaksjonen i Nassiriya i dag. Han baserer dette på det kallar bevis på bakken og etterretningsrtapportar. Han seier at dei Saddam-lojale i Irak samarbeider tett med andre arabiske ekstremistar.

Det er uklart kven han sikta til med uttrykket arabiske ekstemistar, men det har vore spekulert i om Al Qaida-nettverket er aktivt inne i Irak. Ingen har teke på seg skulda for det blodige angrepet i dag.

Flagget utanfor det italienske politihovudkvarteret i Roma vart heist på halv stang i dag. (Foto: Alessandra Tarantini (AP-Scanpix)

3000

Italia har ein styrke på rundt 3000 mann i Irak som ein del av den internasjonale okkupasjonsstyrken i landet. Styrken består av både bakkestyrkar, flyvåpen-soldatar og tre marinefarty med mannskap. 40 friviljuge frå Røde Kors er også ein del av den italienske kontingenten.

Hovuddelen av styrken har vore stasjonert i Nassiriya, der det har vore realtivt roleg dei siste månadene.

Dei italienske politisoldatane har ikkje vore utsette for angrep i Irak tidlegare. Det er Storbritannia som har kommandoen i denne delen av Irak.

Italias statsminister Silvio Berlusconi seier i ein kommentar at sjølvmordsaksjonen i Irak ikkje vil endre landet sin Irak-politikk. - Ingenting kan endre vårt ynskje om å hjelpe til med å byggje opp att Irak til eit land med sjølvstyre, tryggleik og fridom, sa Berlusconi blant anna.

Tilbaketrekking

Samstundes krev opposisjonen i Italia at landet trekkjer styrkane sine ut av landet. Pietro Folena frå det viktigaste opposisjonspartiet, Venstredemokratane, seier det slik:

- Soldatane vart sende til eit Irak i flammar fordi regjeringa ville gjere Bush-administrasjonen ei teneste, utan å vurdere kva risiko soldatane vart utsette for. No må dei iralienske soldatane sendast heim. Det er det einaste rette å gjere slik situasjonen er, seier Folena.

Fleire andre opposisjonspolitikarar har gitt uttrykk for liknande haldningar etter at nyheita om bombeeksplosjonen i Nassariya vart kjend.

Det italienske politihovudkvarteret i Nassiriya fekk vart fullstendig øydelagt. (Scanpix-foto)

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no