skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Amerikansk storaksjon i Irak

Amerikanske styrkar gjennomfører ein omfattande aksjon for å slå ned på Saddam Hussein-lojalistar i Irak. I kveld vart fire menneske drepne i tre eksplosjonar i byen Fallujah.

Publisert 30.06.2003 23:33. Oppdatert 30.06.2003 23:41.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Bent J. Tandstad

Byen Fallujah er eit sentrum for motstanden mot den amerikanske okkupasjonen av landet. Det er uklart kva som forårsaka eksplosjonane, som også råka den viktigaste moskeen i byen. Dei fire drepne var truleg teologistudentar som oppheldt seg i moskeen.

USA gjennomfører ein storaksjon mot den organiserte motstanden mot okkupasjonen. (Foto: Reuters)


Sidewinder

Dette skjer samstundes med at dei amerikanske styrkane i Irak har sett i gang ein omfattande aksjon for å slå ned den organiserte motstanden mot okkupasjonen. Operasjon Sidewinder, som starta i går, har som mål å arresterte dei som organiserer nålestikksangrepa mot amerikanske soldatar.

Slike angrep skjer dagleg, og etter at president George W. Bush erklærte at dei store kamphandlingane i Irak var over 1. mai i år, er 22 amerikanske og seks britiske sodlatar drepne.

Hittil er 180 irakarar arresterte i aksjonen. Mange er mistenkte for å stå bak angrep mot okkupasjonsstyrken, men andre er arresterte fordi amerikanarane trur dei kan ha informasjon om kvar den tidlegare diktatoren Saddam Hussein oppheld seg.

Tikrit

Ved sidan av Falluja er mostanden mot den amerikanske okkupasjonen sterkast i Saddam Hussein sin fødeby Tikrit. Amerikanske soldatar har gjennomført fleire aksjonar mot mistenkte Saddam-lojalistar det siste døgnet

I dag arresterte amerikanske soldatar i kveld guvernøren i byen Najaf i den sørlege delen av Irak, ein guvernør USA sjølv har innsett. Han blir skulda for kidnapping og tjuveri. Samstundes kom ein moderat sjiamuslimsk leiar med skarp kritikk av USAs planar om å setje saman eit råd som skal lage ei ny irakisk grunnlov.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no