Amerikanske styrkar i Irak har teke sekretæren til Saddam Hussein, Abid Hamid Mahmud. Han er fjerdemann på lista som USA har laga over dei mest ettersøkte medlemene av det tidlegare regimet.
Av
Tor Helge Haugland |
I den kjende kortstokken over ettersøkte i Irak var Mahmud ruteress. (Foto: Reuters) |
Mahmud er den mest høgtståande tenestemannen som er arrestert, opplyser den amerikanske sentralkommandoen.
I den kjende kortstokken over ettersøkte i Irak var Mahmud ruteress.
Razzia
Den tidligare presidentsekretæren skal ha blitt teken til fange då amerikanske soldatar gjennomførte fleire razziaer mot to garder utanfor Tikrit, heimbyen til Saddam Hussein nord for Bagdad.
Soldatene beslagla over 8,5 millionar dollar i kontantar, og arresterte rundt 50 personar, opplyser generalmajor Ray Odierno.
Rundt 20 tidlegare medlemer av tryggingsstyrken til det tidlegare regimet skal også vere arresterte.
USA har til no teke til fange 32 av dei 55 personane i kortstokken over ettersøkte.
Handplukka
Mahmud var ein av dei næraste medarbeidarane til Saddam Hussein. Han blei av mange rekna som den nestkommanderande til den irakiske presidenten, opplyser amerikanske tenestemenn.
Han skal ha vore ein av svært få, om ikkje den einaste, som visste kvar Saddam Hussein til eikvar tid heldt seg.
Saddam Hussein handplukka Mahmud frå elite-livvaktstyrkane til å bli personleg sekretær og tryggingsrådgjevar.
- Han var den viktigaste rådgjevaren, og ansvarsområda hans omfatta i prinsippet alle spørsmål som var viktige for Saddam, særleg trygginga rundt regimet, seier ein amerikansk tenestemann til telegrambyrået AFP.
Dei amerikanske styresmaktene håper Mahmud blir nøkkelen til kvar både dei påståtte masseøydeleggingsvåpna, og Saddam Hussein sjølv er å finne.