Det er ein svært glad Olav Akselsen som feirar saman med Ap-kollegaer på Folkets Hus i Bergen. Men om han blir minister vil han ikkje spekulera i.
Av
Eli Bjelland
|
Arkivfoto: Lise Åserud/Scanpix |
Valgkvelden i bilder
Valgresultater for kommuner i Hordaland
- Me måtte spretta sjampanjen no. Arbeidarpartiet har heldigvis gjort eit svært bra val, fortel ein glad Akselsen til NRK.
Ministerspekulasjon
Olav Akselsen er førstekandidat for Ap i Hordaland, og saman med kollegaene Anne-Grethe Strøm-Erichsen, Per Rune Henriksen og Hilde Magnusson Lydvo er han no klar for å sitja på Hordalandsbenken for Ap på Stortinget.
Stordabuen var olje- og energiminister frå 2000 til 2001. Men om han blir minister på ny no, ville han ikkje spekulera i på valnatta.
- No er me berre veldig glade for å ha vunne. Det blir i alle fall skifte, men om det blir ministerpost på meg er det andre som avgjer, seier han.