OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner

Her er du: NRK > Programmer > TV-arkiv > Kvardagsliv > Eit nytt kvinneliv

Oppdatert 06.04.2001 11:08

KVARDAGSLIV

 

Historiske fakta

Publisert 14.12.2000 16:59 - Oppdatert 23.01.2001 09:47

Faktaliste til "Eit nytt kvinneliv"

1913 allmenn stemmerett for kvinner. Gradvis fekk kvinner stemmerett:hadde dei ei viss inntekt (300 kroner på bygdene - 400 kroner i byane), kunne dei stemme ved kommuneval frå 1901, og stortingsval frå 1907. Allmenn stemmerett ved kommuneval fekk dei i 1910, og ved stortingsval i 1913.

1914 "De Castbergske barnelover". Barn som blei fødde utanfor ekteskap, fekk same rett til farens namn og til farsarv som barn i ekteskap.

1919 8-timars arbeidsdag blir lovfesta

1924 fekk Kristiania sitt første mødrehygienekontor etter initiativ frå Katti Anker Møller og Arbeidarkvinnene.

1945 Kirsten Hansteen ble første kvinnelege statsråd. (Gerhardsen-regjeringa)


1961 Ingrid Bjerkås blei ordinert som den første kvinnelege prest i Noreg.

1975 Lov om sjølvbestemt abort - ei lov som ga rom for svangerskapsavbrot på såkalla "sosiale indikasjonar"-"dersom svangerskapet, fødselen eller omsorgen for barnet kan sette kvinnen i en vanskelig livssituasjon".
Denne lova gjaldt til 1978, då eit knapt fleirtal i eit nytt storting vedtok ei ny lovendring slik at den gravide kvinna sjølv fekk avgjere det dei første tolv vekene.


1986 Gro Harlem Brundtland skipar si andre regjering,- ei "kvinneregjering". 8 av 18 statsrådar var kvinner.

1993 Rosemarie Köhn blei vigsla til Noregs første kvinnelege biskop.


 
 
SØK

10 SISTE EIT NYTT KVINNELIV
20.12.2000 17:01
Andre forteljingar
19.12.2000 09:22
Et nytt kvinneliv
14.12.2000 16:59
Historiske fakta
12.12.2000 08:59
Gro Harlem Brundtland
12.12.2000 08:59
Sonja Henie
11.12.2000 15:12
Ingrid Bjerkås
11.12.2000 15:12
Johan Castberg
11.12.2000 15:12
Katti Anker Møller

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   02.01.2009 21:13